Farleg last på ferja mellom Askvoll og Værlandet

FÆRRE FÅR VERE MED: Ferja som går frå Askvoll til Værlandet klokka 15.20 i dag, 27. januar, skal ha med farleg transport.

FÆRRE FÅR VERE MED: Ferja som går frå Askvoll til Værlandet klokka 15.20 i dag, 27. januar, skal ha med farleg transport. Foto:

DEL

Fjord1 melder at det blir redusert kapasitet på ferja mellom Askvoll og Værlandet i ettermiddag. Årsaka er at det på ferja som går 15.20 frå Askvoll skal vere med ein transport med farleg last. Dermed er det avgrensa kor mange bilar og passasjerar som kan vere med ferja i tillegg til denne transporten.

Kor mange som kan vere med seier ikkje Fjord1 noko om i si melding til brukarane.

Artikkeltags