Mann i 70-åra var sakna etter fjelltur i Askvoll

DEL

Søndag kveld var det sett i gong ein redningsaksjon etter ein sakna turgåar i fjellet aust for Askvoll. Den sakna mannen vart funnen etter eit par timar i DNT-hytta Nipebu.

– Det var ein nederlandsk mann i 70-åra som var sakna. Han vart funnen i god behald.

Det seier politibetjent Jon Olav Aasen til Firda måndag ettermiddag. Han var i patruljen ved redningsaksjonen.

Mannen som ifølge politiet skal ha vore turvande og har vore på fjellet tidlegare, gjekk ut på tur laurdag. Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, opplyste søndag at dei pårørande kontakta politiet då den sakna ikkje var kommen heim att søndag.

Ifølge Samsonsen skal det ha komme litt dårleg vêr i området laurdag kveld, og politiet har ein teori om at mannen kan ha overnatta i Nipebu. Det vart sendt ut leitemannskap ut i terrenget, i tillegg vart frivillig mannsskap kalla ut. Seinare vart også redningshelikopteret sendt ut.

Klokka 20.19 melde politiet at den sakna turgåaren var funnen av redningshelikopter i fjellet like ved Nipebu. Han hadde skada ein fot og blei varetatt av helsepersonell.

– Det verka som han vart funnen i god behald. Vi hadde aldri kontakt med vedkommande, han vart teken hand av helsepersonell, seier Aasen.

Nipebu er ei sjølvbetent DNT-hytte ved søraust-sida av Langevatnet i Askvoll kommune. Den ligg 500 meter over havet. Det tar rundt tre timar å gå til hytta frå Askvoll, i normalt tempo.

Ifølge ut.no er det nokre stader mobildekning ved Nipebu, men ein må leite litt rundt i terrenget for å finne plassar der det går an å ringe.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags