Naustet kollapsa og fall saman

Slik såg naustet på Herland i Askvoll ut etter at «Tor» hadde passert kysten.

Slik såg naustet på Herland i Askvoll ut etter at «Tor» hadde passert kysten. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

«Tor» hadde med seg sterke bølger.

DEL

Dette naustet stod heilt til fredag heilt støtt, delvis på land og delvis på pålar, på Herland på Atløy.

– Så lenge eg kan hugse har naustet stått der, så det har tolt fleire orkanar tidlegare. Men i dag såg det slik ut, seier Magne Stølen frå Atløy.

Det er ikkje hans naust, men Firda har fått løyve til å bruke bildet av eigaren.

Bølgene får skulda

Stølen trur at det var dei kraftige bølgene som har grave ut fundamentet.

– Det har eg ikkje sett før her ute, seier han.

Må tole litt

Stølen meiner vindstyrken på Herland var om lag som då «Dagmar» herja for nokre år sidan.

– Den gongen var det rein vestavind. Den tek hard her ute. Denne gongen var vi litt heldigare. Sørvesten tek ikkje så hardt, seier han.

Han fortel om ein del velta tre og litt skadar ved småbåthamna.

– Det var ein sjark som sleit seg og som øydela ein del på flytebrygga. Men det er no slikt som skjer. Så pass må vi tole, seier Stølen.

Artikkeltags