Fylkesveg 609: Stengingar på inntil to timar dei neste to vekene

STENGT TO TIMAR I GONGEN: Fylkesveg 609 vert stengt to timar i gongen i samband med rekkverksarbeid dei kommande to vekene. Bildet er frå Eidsfjorden mellom Askvoll og Stongfjorden.

STENGT TO TIMAR I GONGEN: Fylkesveg 609 vert stengt to timar i gongen i samband med rekkverksarbeid dei kommande to vekene. Bildet er frå Eidsfjorden mellom Askvoll og Stongfjorden. Foto:

Det blir faste opningstider.

DEL

Måndag 12. august vert vegen mellom Søreide og Stongfjorden på fylkesveg 609 stengt i inntil to timar i slengen.

Statens vegvesen melder om vedlikehaldsarbeid, og Askvoll kommune skriv på sine heimesider at det skal utførast rekkverksarbeid.

Arbeidet startar måndag morgon klokka 08.00, og skal halde på fram til klokka 18.00, frå måndag til torsdag denne veka.

Neste veke blir heilt lik. Stengingar mellom klokka 08.00 og 18.00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag. Men då, torsdag 22. august, skal arbeidet etter planen vere ferdig.

Det blir passering til faste tidspunkt desse vekene.

Det skjer om lag kvar andre time, og passering kan altså skje klokka 10.00, klokka 12.00 og klokka 14.00. Det blir også opna mellom klokka 15.30 og 16.00, og det blir passering igjen klokka 17.00.

Artikkeltags