Fleire bilar innestengde etter ras i Askvoll

Artikkelen er over 2 år gammel

ASKVOLL: Onsdag kveld gjekk det ras fleire plassar på fylkesveg 609 i Askvoll. Fleire bilar blei innesperra.

DEL

Det opplyser Vest politidistrikt rundt klokka 22.30.

Ingen bilar er tekne av raset, og ingen er skadde, men fleire bilar er sperra inne mellom rasa. Like før klokka 22.30 var det starta med evakuering på staden. Omfanget er ukjent, melder politiet.

Rasa har gått ved Hundsåna på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde.

Vegvesenet på staden opplyste klokka 23.30 at alle som var sperra inne hadde komme seg ut.

Les også: Tore Morten blei sperra inne mellom rasa

Askvoll isolert

Også ved Ottersteinunnelen og Dalsfjordtunnelen på fylkesveg 609, mellom Dale og Askvoll har det gått ras onsdag kveld. Vegvesenet melder at vegen er stengd på grunn av steinras. Der blir det vurdert opna torsdag klokka 11.

Dermed er Askvoll isolert på begge sider.

Ambulanse og legar på plass i Askvoll

Onsdag kveld melder Askvoll kommune på Facebook at ambulansebåten går som før. Eventuelle endringar blir meldt frå AMK/ambulansetenesta i Helse Førde.

Det er på plass ambulanse med personell på fastlandet i Askvoll for lokal transport til ambulansebåten. Det er også legar på vakt i Askvoll.

Ring legevakta på telefon 116117 eller i akutte tilfelle til 113, skriv kommunen.

Artikkeltags