Båt med fire personar køyrde på grunn

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Alle om bord vart redda. Ein person vart sendt til Førde sentralsjukehus med skadar.

DEL

01.46 natt til laurdag fekk politiet melding om at ein 39 fots fritidsbåt hadde køyrt på eit skjær ved Måsnesholmen ved Atløy.

– Båten var på veg frå Molde til Sørlandet. Ved Atløy køyrde den på grunne og byrja å ta inn vatn. Dei om bord fekk start på motoren igjen og fekk køyrt båten inn til ein holme og gjekk i land der. Så sank båten, fortel operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt.

Kva som er årsaka til ulukka er førebels ukjent.

Ein sendt til sjukehus

Alle ombord var menn og ein mann (54) fekk skadar etter grunnstøytinga.

Eit Sea-King-helikopter redda alle og flaug dei til Florø. Der vart den skadde mannen køyrt vidare til Førde sentralsjukehus. Dei andre har overnatta på hotell, opplyser Sætre.

Ei redningsskøyte vart sendt til ulukkesstaden for å prøve å berge båten, men den vart meld sokke litt over klokka 04.00.

Det skal ikkje vere mistanke om rus.

Hadde kjøpt båten i Molde

Synnøve Domben, innsatsleiar i Sunnfjord, seier at politiet ikkje har oppretta sak enno. Det første som skjer er at politiet skal ha ein dialog med Sjøfartsdirektoratet.

Kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal, opplyser til Firda at tilstanden til mannen som vart skadd er alvorleg. Ifølgje Domben skal mannen ha skada seg då han gjekk av båten.

Fædrelandsvennen skriv laurdag at mannen som er innlagt på sjukehus, og dei andre om bord, er frå Kristiansand. To av dei er i 50-åra og dei andre i 20- og 30-åra.

Båten var nyinnkjøpt i Molde og var på veg mot Kristiansand då ulukka skjedde.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags