Brenne bål i påska? Då må du hugse å melde ifrå

UNNGÅ DETTE: Om det ser slik ut etter at du har tent opp eit pølsebål i skogen i påska, kan det fort verte dyrt. Illustrasjonsbilde frå ein brann på Flokeneset for nokre år sidan.

UNNGÅ DETTE: Om det ser slik ut etter at du har tent opp eit pølsebål i skogen i påska, kan det fort verte dyrt. Illustrasjonsbilde frå ein brann på Flokeneset for nokre år sidan. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BRANN: Lite nedbør og austavind fører til stor brannfare i skog og mark. No tek fleire kommunar grep for å hindre skogbrann.

DEL

I utgangspunktet kan du fritt brenne små bål i skog og mark om vinteren og hausten. Eit generelt forbod mot bålbrenning gjeld berre frå 15. april til 15. desember.

Men no som påskevêret har vore tørt, strammar både Førde, Naustdal og Askvoll kommune inn reglane. Om du vil brenne bål i påska må du melde ifrå til Alarmsentralen på telefon 577 51 400 og få løyve av brannvesenet.

Viss du brenn bål utan å søkje løyve, og brannvesenet må rykkje ut på grunn bålet ditt, vil du kunne verte meld til politiet med krav om å betale for utrykkinga, varslar kommunane på sine heimesider.

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap også at skogbrannhelikopteret er sett i beredskap i Sauda, fordi det er bart og tørt nær kysten frå Rogaland til Norland. Så langt i år er det registrert 38 brannar i skog, gras og lyng.

Artikkeltags