Denne pakken brukte eit år på å komme fram til Britt

TREIG PAKKE: Denne pakken med bilnøklar i brukte litt over eit år frå den blei sendt frå Oslo til den var i postkassa til Britt Nesberg Solheim i Kvammen.

TREIG PAKKE: Denne pakken med bilnøklar i brukte litt over eit år frå den blei sendt frå Oslo til den var i postkassa til Britt Nesberg Solheim i Kvammen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

ASKVOLL: Britt Nesberg Solheim frå Kvammen fekk pakken i posten eit år etter at dottera sende den. – Lurer på kor den har vore.

DEL

For eit drygt år sidan lånte dottera hennar bilen for å reise til Førde og dra med fly til Oslo, der ho studerer. Men bilnøklane blei med på turen til hovudstaden.

Dottera sende nøklane som ei brevpakke heimover til Kvammen. Men Nesberg Solheim såg lite til pakken.

Gav opp og skaffa nye nøklar

– Etter ei stund kontakta vi Posten, men dei visste ikkje kor pakken kunne vere, seier Nesberg Solheim.

Etter kvart gav dei opp, og fekk skaffa seg nye nøklar. Dei hadde forsikring som dekka nøklane, men måtte ut med ein eigenandel på 500 kroner.

Pakken gjekk i gløymeboka, Nesberg Solheim fekk seg ny bil og dottera har overtatt den gamle. Men så, for ein månad sidan dukka plutseleg pakken opp i postkassa.

Då hadde det gått litt over eit år sidan den blei sendt.

– Eg skjønte ikkje kva slags pakke dette var for noko. Eg hadde jo gløymt av heile greia, seier ho.

Men ho skjønte raskt at dette var bilnøklane som kom frå Oslo. No lurer ho på kor i all verda pakken har vore i litt over eit år.

Posten: – Umogleg å vite

John Eckhoff, pressesjef i Posten Norge, seier det er umogleg å vite kva som har skjedd når det er snakk om vanlege brevsendingar, som ikkje er sporbare.

– Det kan vere forhold i posten eller utanfor, eller ein uheldig kombinasjon av dei to. Det er lett å tenke at feilen har oppstått i posten, men vi har system for å fange opp pakkar og brev på avveie. Dersom ho har etterlyst pakken sin, så skal den ha blitt lagt til ei leitegruppe, seier han og legg til:

– Det er sjølvsagt lett for meg å seie at dette skuldast forhold utanfor posten, men det er kvalifisert gjetting. Viss pakken har vore hos posten, så hadde vi nok hatt system for å få den av garde tidlegare enn på eit år. Men det kan ha skjedd i posten, og isåfall må vi beklage det, seier han.

Pressesjef John Eckhoff i Posten Norge.

Pressesjef John Eckhoff i Posten Norge. Foto:

Kor ofte skjer slikt?

– Med tanke på at vi handterer rundt 800 millionar adresserte sendingar i året, så skjer det veldig sjeldan. Men det skjer frå tid til anna. På sendingar som ikkje er sporbare, er det alltid vanskeleg å vite kva som har skjedd. Men vi opplever heldigvis at folk både i og utanfor posten er interessert i at ting skal nå fram. Dersom nokon finn ei sending på avveie, vil dei vanlegvis at den skal nå fram til mottakar, seier han.

Har ein rett på erstatning når pakken kjem alt for seint?

Nei, det er ingen erstatningsrett på vanlege brevsendingar. Det er regulert i lov og forskrift, seier Eckhoff og peikar på at det ville opna for at kven som helst kunne meldt om forseinka pakkar.

Artikkeltags