Søskenbarn vann Furorestipendet 2016

Tuva Rivedal Tjugen (29)

Tuva Rivedal Tjugen (29) Foto:

ASKVOLL: – Vi blei så glade og takksame begge to. Det betyr så mykje, seier vinnarane.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Tuva Rivedal Tjugen (29) og Pernille Rivedal Hellevik (27) frå Askvoll vart årets furorevinnarar. Tuva vann pris for møbeldesign og Pernille for sin jobb som film- og manusskapar.

– Vi blei så glade og takksame begge to. Det betyr så mykje, seier Tuva i ein e-post til Sparebankstiftinga.

Juryen meiner både Pernille og Tuva er gode representantar for fylket. «Juryen er imponert av Tuva sitt stilsikre uttrykk i hennar vakre, praktiske og innovative møblar, med ein klar gjennomgåande identitet».

Pernille Rivedal Hellevik (27)

Pernille Rivedal Hellevik (27) Foto:

Om Pernille skriv juryen følgjande: «Juryen lét seg imponere av filmen «Kunsten ikkje å innfinne seg», som åleine var ein god søknad; spesielt med tanke på at Pernille her står bak både manus og regi. Men også gjennom sine andre arbeid har ho vist seg som ein kreativ og allsidig filmskapar med både tydeleg lokal forankring og identitet, og universell appell».

Artikkeltags