Yngstemann toppar lista

Tore Storehaug

Tore Storehaug Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

POLITIKK: KrF Sogn og Fjordane har sett Tore Storehaug (24) på topp.– Nesten litt skummelt, men veldig stas, seier han.

DEL

Nominasjonsnemnda i Sogn og Fjordane KrF er klare med nominasjonslista si til Stortingsvalet 2017. Dei har yngstemann på lista, Tore Storehaug (24) frå Askvoll på topp.

– Det er rett og slett veldig stas å bli vist så mykje tillit. Det er ein liten draum å få den moglegheita som dette gir. Samtidig er det jo ein tillit som forspliktar. Eg må gjere ein innsats, og verkeleg vise kvifor veljarane skal gi Sogn og Fjordane KrF det mandatet, seier Storehaug, før han legg til:

– Eg må jo også seie at det er ei veldig sterk liste. Det er nesten litt skummelt å sjå namna på politikarar eg ser opp til, og så står eg over dei på lista. Det er ei rar kjensle, seier han.

Innstillinga frå nemnda var samrøystes, og ser slik ut

1. Tore Storehaug, Askvoll (F. 1992)

2. Trude Brosvik, Gulen (F: 1961)

3. Stein Robert Osdal, Selje (F: 1973)

4. Beate Bondevik Lie, Luster (F: 1978)

5. Gustav Johan Nydal, Flora (F: 1960)

6. Kari Synnøve Muri, Stryn (F: 1965)

7. Audun Mundal, Gloppen (F: 1966)

8. Frode Bøthun, Balestrand (F: 1976)

9. Irene Barmen Hoel, Jølster (F: 1958)

10. Odette Girukwayo, Vik (F: 1983)

Litt av ei bryllaupsgåve

Leiar for Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik, har tidlegare spøkt med at ho skulle gi førsteplassen på lista i bryllaupsgåve til Storehaug, som nyleg gifta seg.

Var dette den beste bryllaupsgåva du fekk?

Eg fekk veldig mykje fint. Så det er litt vanskeleg å sette tinga opp mot kvarandre. Men eg kan vel seie at det kjem høgt oppe på lista, seier 24-åringen.

Håpar på utjamningsmandatet.

KrF skal ha nominasjonsmøte 30. november. Då skal framlegget til nominasjonslista diskuterast. Når den endelege lista er avgjort, må kandidatane konkurrere om dei fire plassane som KrF har på Stortinget.

For KrF Sogn og Fjordane er det utjamningsmandatet som er mest realistisk å kjempe om, meiner Storehaug.

– Dette mandatet har Venstre i dag, men dei har lågare oppslutning enn oss. Det er mange faktorar som slår inn, men det er ikkje umogleg at KrF får mandatet dersom vi gjer eit godt val, avsluttar han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken