Rådmann og ordførar søker produksjonstilskot – må få hjelp av nabokommune

BØNDER: Både rådmann Håkon Loftheim og ordførar Ole Andre Klausen har gårdsbruk. Når dei no søker produksjonstilskot må nokon utanfor kommunen handsame søknaden.

BØNDER: Både rådmann Håkon Loftheim og ordførar Ole Andre Klausen har gårdsbruk. Når dei no søker produksjonstilskot må nokon utanfor kommunen handsame søknaden. Foto:

ASKVOLL: Sidan dei begge er sjefar i kommunen kan ingen av dei tilsette behandle søknadane.

DEL

I Askvoll kommune søker både rådmann Håkon Loftheim og ordførar Ole Andre Klausen om produksjonstilskot i jordbruket. Ole Andre Klausen søker også om Regionalt miljøprogram (RMP).

Sakshandsamarane i kommunen kan ikkje behandle rådmannen sin søknad, ifølge Forvaltningslova. Den saka er heilt klar.

Når det gjeld ordføraren sin søknad er ikkje kommunetilsette automatisk inhabile, men kommunalsjef for landbruk, Geir Grytøyra vurderer at for å sikre tillit til kommunen bør søknaden likevel handsamast på same måte som søknad frå rådmannen.

Askvoll og Fjaler har felles landbrukskontor, og felles landbrukssjef. Derfor må kommunen til ein tredje kommune for å få søknadane behandla.

Dermed blir søknadane sende til Hyllestad kommune, der Bjørn Ivar Hjelmeland har fått i oppdrag å behandle dei.

Artikkeltags