9-åring i brev til ordføraren: «Sykebåten» redda meg

Ambulansebåt: Ambulansebåten redda meg, skriv 9-åringen i brev til ordføraren, og ber ho stå på for å behalde båten.

Ambulansebåt: Ambulansebåten redda meg, skriv 9-åringen i brev til ordføraren, og ber ho stå på for å behalde båten. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

ASKVOLL: – Dette brevet er så ekte, og viser kjerna i saka, seier ordførar Frida Melvær.

DEL

Denne veka fekk ordførar i Askvoll, Frida Melvær, brev frå ein 9-åring som bur på Atløy.

I brevet står det: « Kjære Frida. Eg er ni år og er frå Atløy. Eg håpar at du kan kjempe for å ha sykebåten her på Atløy. For eg har trengt den 2 gongar, fordi eg ikkje fekk puste, so den redda meg. Pluss at det er mangen andre folk som treng den og i framtida. Eg heiar på deg, og håpar att du klarar det. Tusen takk!»

– 9-åringen seier noko om kva dette eigentleg handlar om, og får fram kva det dreiar seg om på ein eineståande måte, seier Frida Melvær.

Firda har vore i kontakt med 9-åringen sine foreldre. Dei synst det er heilt greitt at vi skriv om brevet, men ønsker ikkje at barnet deira skal stå fram med namn og bilde.

Kan bli utan ambulansebåt

Helse Førde jobbar for tida med ambulansetilbodet i HAFS. For ei veke sidan orienterte ordføraren kommunestyret om saka, og sa at ho fryktar kommunen kan bli ståande utan både ambulansebil og ambulansebåt.

Det er særleg Atløy som vil få auka responstida vesentleg dersom ambulansebåten blir lagt ned. I dag er responstida frå kai til kai 10 minutt. Skal det komme ambulansebåt frå Solund eller Florø vil dette auke til over 30 minutt.

Ambulansebåten i Askvoll rykker ut til både Atløy og til Bulandet og Værlandet. I år er det rekna med at båten får rundt 70 utrykkingar.

– Kjem frå hjartet

Melvær la torsdag ut bilde av brevet 9- åringen har skrive på facebook-sida si, og takkar for støtta.

Der skriv ho også at innspelet sjølvsagt er formidla vidare til Helse Førde.

– Dette kjem frå hjartet, og går rett i hjartet til dei som les det. Frå Helse Førde var reaksjonen var at dette er eit fantastisk innspel, seier Melvær.

Ho legg til at ho opplever det som ein veldig fin ting at også barn tek kontakt, og engasjerer seg i det som skjer i kommunen.

Når det gjeld ambulasetilbodet er ho oppteken av at folk skal oppleve tryggleik for å få hjelp når det hastar, og kjempar for å få behalde ambulansebåt i Askvoll.

Det støtter også mora til 9-åringen: – Den tryggleiken som ambulansebåten gir oss som bur på øyar er heilt avgjerande for at vi skal kunne bu her. I alle fall medan vi har små barn, seier mora.

Ho legg til at båten bør få vere til brua til Atløy kjem.

– Sidan det er Atløy som blir hardast råka om utrykking skal skje frå Solund, så meiner eg at det bør la seg gjere å ha båten i drift til brua er klar, seier ho.

Artikkeltags