Vanskeleg å seie kva som skjer med Heilevang

SYNFARING: Bildet er frå ei tidlegare synfaring på Heilevang. På bildet: Åashild Kjelsnes, Jenny Følling, Gunnar Osland og Tove Ekreskar Nervik.

SYNFARING: Bildet er frå ei tidlegare synfaring på Heilevang. På bildet: Åashild Kjelsnes, Jenny Følling, Gunnar Osland og Tove Ekreskar Nervik. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

NTP: Dette veit vi om rasfarlege Heilevang etter transportplanen.

DEL

Heilevang, den svært rasutsette strekka mellom Førde og Askvoll, har lenge stått på prioriteringsliste over vegstrekningar som må utbetrast i Sogn og Fjordane. Etter transportplanen er rassikringa av Kjøsnesfjorden og Myrmel-Lunde på E39 dei einaste nye riksvegprosjekta som blir starta i fylket på sju år. Kva skjer så med fylkesvegane, og meir spesifikt Heilevang?

– Vi har vanvettig mange prosjekt i fylket, og i Heilevang er det ikkje berre rasfare, men det er fare for vegbana i seg sjølv, seier varaordførar i Askvoll, Gunnar Osland.

Ikkje presisert

I den nasjonale transportplanen for 2018–2029 er det sett opp 24 milliardar til rassikring på norske vegar dei neste 12 åra. Riksvegane får om lag halvparten av beløpet, og fylkesvegane det same. Men det er ikkje presisert kor mykje dei ulike fylka får.

– Desse fordelingane skal kome seinare, meiner varaordføraren.

I dokumentet står det:

«Midla til skredsikring på fylkesveg er ei tilskotsordning, der staten bidreg med ein bestemt sum. Fylka har ansvaret for å gjennomføre prosjekta, og å betale eventuelle overskridingar i kostnadane». 

Altså må fylkeskommunen ta støyten dersom fylkesvegane ikkje får nok midlar til å utbetre rassikringa.

– Det høyrest ikkje ut som ei god ordning. Det er alltid risiko for å overskride kostnadsbudsjettet, og då vert heile prosjektet meir usikkert. Heilevang-prosjektet vil koste 470 millionar, og det er vanskeleg å seie kva som skjer med denne vegstrekninga når vi ikkje veit kva kvart fylke får. Men Heilevang står på ei prioriteringsliste. Dersom denne ordninga får negative konsekvensar for Heilevang, skal vi ta den kampen, seier Fylkesvaraordføraren.

– Må ha vår del

Han held fram:

– Sogn og Fjordane og Hordaland er dei fylka som har mest utfordringar med ras. Dei midlane vi får, må spegle dette. Eg ventar at vi får ein god slump pengar, seier varaordføraren.

– Vi må ha vår rettmessige del, seier han.

Les også: Han er den store vegvinnaren og Fylket får over 10 milliardar

Artikkeltags