Stor brannfare - bålforbod i fleire kommunar

DRAMATISK: Ein gras- og lyngbrann braut ut ved Berle i februar 2011. Ein bråtebrann kom ut av kontroll og brannfolk frå heile kommunen jobba til langt på kveld for å få kontroll på brannen. På denne årstida er faren spesielt stor, seier Alarmsentralen. Foto: Privat

DRAMATISK: Ein gras- og lyngbrann braut ut ved Berle i februar 2011. Ein bråtebrann kom ut av kontroll og brannfolk frå heile kommunen jobba til langt på kveld for å få kontroll på brannen. På denne årstida er faren spesielt stor, seier Alarmsentralen. Foto: Privat Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Generelt stor brannfare i heile fylket, seier Alarmsentralen.

DEL

– Den største faren er jo spreiing, fordi ein mistar kontrollen. Vi har eksempel på at bål har blitt forlatne med glør som ikkje er sløkt. Så har det komme eit vindpust, og meir skal det ikkje til før det tek fyr.

Det seier Frode Korneliussen ved Alarmsentralen. Det er no innført forbod mot å brenne bål i Førde, Naustdal og Askvoll, med mindre ein har fått løyve. Brannfaren er generelt stor i heile fylket. Korneliussen fortel at det er typisk at det vert spesielt brannfarleg i overgangen mellom vinter og vår.

Barskog og grasmark spesielt brannfarleg

– No har vi tørt klima og mykje rote gras frå året før. Ved uforsiktig bruk av eld er det veldig brannfarleg. Spesielt barskogen er veldig tørr no, men også andre terreng som lyng og plassar med grasmark.

Det har ikkje vore nokre skumle episodar dei siste dagane, men Korneliussen seier at dei set pris på om folk melder frå.

– Seinast i går hadde vi ein episode der nokon såg eit bål på avstand som dei synest såg skummelt ut. Dei som brente bålet hadde heldigvis meldt ifrå til oss, så då kunne vi ringe dei og spør om det var trygt. Dei kunne bekrefte at dei hadde kontroll, og dermed avverja vi ei falsk utrykking, fortel Korneliussen.

Viktig å melde frå

Dessverre er det ikkje alle som er like flinke til å melde frå. Det kan svi ganske hardt, i form av rekning for utrykkinga.

– Dei fleste som brenn bråte eller kvisthaugar melder frå. Kaffi- og pølsebål er folk langt mindre flinke til å melde inn. Det er ein klar fordel om ein melder ifrå, både for brannvesenet og for dei som brenn bålet. Viss ikkje kan ein risikere å få ei rekning i postkassa, viss det vert falsk utrykking, seier Korneliussen.

Heldigvis finst det forholdsreglar ein kan ta:

– Det viktigaste er at bålet er i sikre omgjevnader, og at det ikkje er fare for spreiing. Ein må ha tilgjengelege sløkkemiddel, som vatn eller snø. Når ein forlèt bålet må ein vere sikker på at det er sløkt, sjølv små glør kan starte ein brann.

Ein kan melde frå om brann til Alarmsentralen på 57751400

Artikkeltags