Nedringt om vegar som ikkje er brøyta

SNØ OG GLATT: Vegtrafikksentralen har fått inn mange meldingar om glatte vegar i morgontimane måndag. Her frå rv 5 ved Lundebotn.

SNØ OG GLATT: Vegtrafikksentralen har fått inn mange meldingar om glatte vegar i morgontimane måndag. Her frå rv 5 ved Lundebotn. Foto:

FYLKET: Vegtrafikksentralen har fått mange meldingar frå sjåførar som varslar om glatte vegar.

DEL

Vegtrafikksentralen har fått mange meldingar måndag morgon frå sjåførar om vegar som ikkje er brøytt.

– Det er særleg i Sunnfjord det har komme meldingar, men vi har også fått frå Nordfjord, seier Ketil Molvær i Vegtrafikksentralen.

Ifølge Molvær er det snø og is som lagar trøbbel, men at dei jobbar med å brøyte og strø.

Politiet melder også om glatte vegar måndag. Vegen opp til ytre Hafstad var måndag morgon til tider stengt fordi det var så glatt, men er no open att.  I Bremanger hamna eit køyretøy av vegen og på riksveg 15 på Strynefjellet var det eit trafikkuhell på glatta. 

Dette er nokre av vegstrekningane Vegtrafikksentralen fekk melding om måndag. Både glatte vegar og mangelfull brøyting var årsaka til at sjåførar ringde inn:

E39 Vassenden- Førde.

RV 609 Askvoll – Blomlia.

Rv 615 Hyen- Storebru.

FV 55 Osen bru- Dale. 

Fv 55 Høyanger.

Riksveg 5 Sogndalsdalen.

E39 Lavik

Artikkeltags