Steinvik Fiskefarm gir 100.000 kroner i bonus til kvar tilsett

GIR BONUS: Alex Vassbotten er dagleg leiar i Stenvik Fiskefarm AS. No gir han dei tilsette sekssiffera bonus som takk for god innsats.

GIR BONUS: Alex Vassbotten er dagleg leiar i Stenvik Fiskefarm AS. No gir han dei tilsette sekssiffera bonus som takk for god innsats. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FISKERI: Aldri før har selskapet tent meir pengar. No takkar eigarane dei 25 tilsette for innsatsen.

DEL

– De står på 24 timar i døgnet og i alt slags vêr. Vi deler derfor ut 100.000 kroner i gjennomsnitt til kvar av dei tilsette. Det er takk for innsatsen som gav det gode årsresultat, seier eigar Alex Vassbotten til Bergens Tidende.

I fjor auka salsinntektene i Steinvik Fiskefarm til 477 millionar kroner frå 315 millionar kroner året før.

Samstundes auka overskotet til 132 millionar kroner samanlikna med året før, og enda på 182 millionar kroner før skatt, syner rekneskapen for 2016.

Men selskapet trur det blir vanskeleg å levere eit like godt driftsresultat i inneverande år.

– I vår fekk vi dessverre virussjukdommen PD (Pancreas Disease) i to av anlegga. Det var nødvendig å slakte fisken medan den var under fire kilo, fordi den burde vere minst eitt kilo større. Konsekvensen er at vi ikkje klarar å oppnå same volum slaktefisk i år som vi gjorde i fjor, seier Vassbotten til avisa.

Steinvik Fiskefarm er eigd av Alex Vassbotten og faren Inge Helge Vassbotten. Styret sette av 150 millionar kroner av overskotet som utbytte til eigarane.

Artikkeltags