Fristad Elektro med millionoverskot

GJER DET BRA: Kjetil Fristad er dagleg leiar i Fristad Elektro.

GJER DET BRA: Kjetil Fristad er dagleg leiar i Fristad Elektro. Foto:

FJALER: I den ytterste utkant går det og an å drive forretning. Bedrifta har sitt tredje år på rad med overskot over millionen.

DEL

Fristad Elektro held til i eit lite lokale på Grytøyra og har tre tilsette. Selskapet vart starta av John Fristad i 1977. No har neste generasjon teke over, og frå nyttår 2013 vart Kjetil Fristad dagleg leiar i selskapet. Far og son Fristad eig i dag selskapet med femti prosent kvar av aksjane.

Fristad Elektro har kundar i Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Solund og Gaular. Oppdraga er alt frå bustadinstallasjonar, industrianlegg, kontor- og forretningsbygg, fiskeoppdrett og servicearbeid.

Omsetjinga har vakse jamt og pent dei siste åra, syner ein oversikt frå Regnskapstall.no. i 2014 var omsetjinga 5,1 millionar kroner, i 2015 5,8 millionar, i 2016 6,3 millionar, og i fjor 7,1 millionar kroner.

Gjennom åra har ein opparbeidd ein eigenkapital som no er oppe i over 2,8 millionar kroner.

Dagleg leiar Kjetil Fristad ønsker ikkje å kommentere rekneskapstala.

Artikkeltags