Får seks millionar til kaldhall i Dale. – Vi er heldige, seier idrettslagsleiar

JUBEL: Fotballglade dalingar jublar for at dei skal få kaldhall til å spele fotball i.

JUBEL: Fotballglade dalingar jublar for at dei skal få kaldhall til å spele fotball i. Foto:

– Dette er heilt avgjerande for at vi kan realisere denne hallen allereie no, seier leiar i Dale Idrettslag, Linda Hovland.

DEL

I år får Dale Idrettslag 2.125.000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane gjennom Sparebankstiftinga Fjaler, skriv Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Kaldhallen fekk også gåve i 2018 på 2 850 000 kroner, og i 2020 er det lovd éin million til prosjektet. Det gir ein samla sum på 5.975.000 kroner.

– At vi har ein lokal bidragsytar som kan gå inn med ein så stor del, er vi utruleg glade for. Det er heilt avgjerande for at vi kan realisere hallen allereie no. Det hadde teke lengre tid om vi skulle hente desse midlane frå fleire mindre aktørar. Vi er heldige, seier Hovland.

Eit sentrum for fleire kommunar

Fjaler kommunestyre har også løyvd fire millionar kroner, og dermed er finansieringa i boks.

– Støtta vi har fått er ei stor vitamininnsprøyting for lysta til å stå på vidare med dugnad og frivillig innsats, seier Hovland i pressemeldinga.

Torunn Mattson er Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef for privatmarknad i Dale. Då ho delte ut pengane peika ho på at hallen kan komme mange til gode.

– Denne hallen vil vere eit stort løft for bygda og kommunen, men også for dei nærliggande kommunane som Askvoll og Hyllestad. Difor er det veldig kjekt å kunne bidra, seier Matteson.

Også Hovland er oppteken av samarbeid.

–Som den einaste reine fotballhallen i regionen håper vi at anlegget vil vere attraktivt for lag elles i kommunen og nabokommunar. Ein slik hall vil også kunne nyttast av mange ulike aktørar og ikkje berre idretten, seier Hovland.

Fleire gåver til området

Sparebankstiftinga Fjaler eig seks prosent av Sparebanken Sogn og Fjordane, og deler ut gåver til Fjaler- og Holmedals-området. I år går mykje til kaldhallen i Dale, men også andre får pengar til sine prosjekt. Lista kan du sjå her:

Flekke grendalag får 80.000 til aktivitets- og klatreløype i området rundt Flekke skule

Askvoll og Holmedal skyttarlag får 20.000 til utstyr til utlån for ungdom til trening og konkurransar

Fure idrettslag får 15.000 til utbetring av tursti til dagsturhytte på Bygdaheia

Dale barnekor får 5000 til kortur til Sætervika Ungdomsenter

Indre Sunnfjord turlag får 10.000 til å arrangere «Kom det ut» i september

Blandakoret Dekor får 5000 i aktivitetsstøtte

Askvoll og Holmedal idrettslag får 50.000 til utbetring av Hilvang, fotballbana i Holmedal

Straumsnes grendelag får 50.000 til takreparasjon av Straumsnes Grendahus

Dale ungdomslag får 15.000 i støtte til visning av film for barnehage og skuleelevar

Helle og Vårdal bygdelag får 30.000 til utviding og oppussing av kjøkken i Vårdal Grendahus

Holeholten 4H får 5000 til ny lavvo

NFU Askvoll-Fjaler-Hyllestad lokallag får 5000 til førjulssamling medlemer og føresette

PreForm AS får 100.000 til å ruste opp «Samvirkelaget» i Dale sentrum til kulturarena med scene

Fure idrettslag får 200.000 til trimrom ved Våge skule

Guddal familiekor får 5000 til ymse aktivitetar

På Rappen får 9 500kroner til På Rappen

Artikkeltags