Askvollbrør kjøper fiskebåt for ein halv milliard

NY BÅT: Jan Arve Heggøy og broren Frode har kjøpte denne båten for ein halv milliard kroner.

NY BÅT: Jan Arve Heggøy og broren Frode har kjøpte denne båten for ein halv milliard kroner. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FISKERI: Frode og Jan Arve Heggøy frå Askvoll overtar kystbåten «Kremmervik».

DEL

Dei to brørne har nett komne att frå tokt og er no heime i Askvoll.

– Vi har litt makrell og storsild att på kvoten, deretter leverer vi frå oss den gamle båten, seier styreleiar Frode Heggøy i Heggøy AS.

Landets største kystfiskebåt

I desember overtar dei det som av Fiskeribladet vert omtala som landets største kystfiskebåt målt i kvotar og fangst, Ms «Kremmervik». Det var Fiskeribladet som var først ute med saka.

Ifølge det førre reiarlaget, Olsengruppen på Austevoll, måler skuta 42,8 meter i lengde og 12 meter i bredde. Den har bruttotonnasje på 906 tonn og var ferdigstilt i 2012 på Larsnes mekaniske verkstad på Sunnmøre. Tidlegare gjekk den under namnet «Abelone Møgster».

Det er ein kombinert trålar og ringnotsnurpar.

Den gamle «Sjøglans» har ein makrellkvote på 1200 tonn, ein kvote på 1200 vårgytande sild, også kjend som storsild. Den har i tillegg ei 800 tonn stor kvote på nordsjøsild. Alt følger med salet. Med på kjøpet av nye «Sjøglans» kjem det med kvotar på 2000 tonn makrell, 2100 tonn storsild, 1000 tonn nordsjøsild og 240 tonn torsk.

SOLAR SEG I SJØGLANSEN: Fiskebåtreiarane Frode Heggøy og Jan Arve Heggøy har kjøpt fiskebåt for ein halv milliard. For tida er dei begge heime i Askvoll.

SOLAR SEG I SJØGLANSEN: Fiskebåtreiarane Frode Heggøy og Jan Arve Heggøy har kjøpt fiskebåt for ein halv milliard. For tida er dei begge heime i Askvoll. Foto:

«Sjøglans» den tredje

Når den kjem til si nye heimehamn på Atløy vil den nye båten også verte døypt om til «Sjøglans». Den vert med det den tredje i rekka med same namn.

Den førre «Sjøglans» innkasserte 350 millionar for eigarane då den vart seld i juli i år. Fiskeribladet skriv at kjøpssummen på den nye båten er ein halv milliard. Mellomlegget har eigarane henta inn ved hjelp frå bankane.

– Den prisen kjem eg til å hugse til eg daudar, seier Frode Heggøy.

Den nye båten vil få eit mannskap på åtte personar.

Rederiet Heggøy As hadde i fjor ei omsetning på 27,7 millionar kroner og eit årsresultat før skatt på 6,5 millionar.

Juli 2017: Sel «Sjøglans», åtte mister jobben

Mai 2017: Askvoll-flåten veks

Artikkeltags