Dagsturhytte kjem i år – no vil dei ha hjelp med namnet

DAGSTURHYTTE: Denne hytta står på Sandane, men både den som, skal byggast i Askvoll og i dei andre kommunane skal byggast over same lest.

DAGSTURHYTTE: Denne hytta står på Sandane, men både den som, skal byggast i Askvoll og i dei andre kommunane skal byggast over same lest. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

ASKVOLL: I løpet av juni skal Askvoll får Dagsturhytte. No etterlyser kommunen namneforslag.

DEL

Dagsturhytta i Askvoll kommune skal ligge på Tveit/Håland stølsbeite i Holmedal. Etter planen skal hytta vere klar til bruk i løpet av juni i år.

I eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga og kommunane sjølve skal det i løpet av 2018 vere sett opp dagsturhytter i alle kommunar i Sogn og Fjordane.

Så langt er ei hytte på plass på Sandane i Gloppen. Den vart opna i desember 2017.

Vil ha namneforslag

Askvoll kommune vil gjerne ha hjelp til å finne namn til den nye hytta. Har du eit godt forslag kan det sendast på mail til kommunen, skriv dei på eigne heimesider.

Dei viser også den hytta som allereie er på plass, i Gloppen, heiter «Draumekvila», viss nokon treng noko form for inspirasjon.

Nynorsk turbibliotek

Dagsturhyttene skal vere eit lågterskeltilbod for turgåarar. Dei skal vere om lag 15 kvadratmeter og skal ikkje ha innlagt straum.

I tillegg til å gje ly og kos for dei som går forbi skal hyttene ha eit minibibliotek med nynorskbøker. Dette har nasjonalbiblioteket løyvd 400.000 kroner til.

Hyttene skal vere sosiale møteplassar i naturen, og fylkesbiblioteket legg blant anna opp til forfattarbesøk og teaterframsyningar i eller ved hyttene.

Turbiblioteka vil vere sett saman av ei samling nynorske bøker, bildebøker, forteljingar og faktabøker for barn. Det vert også bøker for ungdom og vaksne, som friluftsbøker, naturbøker, samlingar av segner og eventyr, og bøker om kulturminne frå områda hyttene ligg i.

Artikkeltags