Det er meldt heftig vêr onsdag kveld og natt til torsdag. Meteorologane har gått ut og bede folk om å ta varselet seriøst.

– Det blir sterk storm frå sørvest på kysten. Vi forventar også kraftige vindkast oppe i rundt 35 meter per sekund på kysten, i fjellet og utsette stader, sa meteorolog Geir Ottar Fagerli ved Meteorologisk institutt til Firda onsdag føremiddag.

Vindet er venta å ta seg opp frå klokka 21 onsdag kveld.

Bølgevarselet frå Barentswatch.no viser at det kan bli ekstra heftig ved Bulandet natt til torsdag rundt klokka 02.00.

Det er då varsla signifikant bølgehøgde, altså snitthøgde på bølgene, på 9,3 meter.

Den maksimale bølgehøgda er varsla å bli heile 17,7 meter ved Buefjorden vest. Sjå heile varselet her.