Her søkte dei om støtte til gatelys i september. Har ikkje fått svar

MANGLAR SISTE ETAPPE: I 30 år har Kumle kvinne- og familielag jobba og samla inn pengar for å få gatelys langs vegane på øya. No manglar dei 1,8 kilometer, og har søkt kommunen om støtte. Det er fire månader sidan. Enno har dei ikkje fått svar.

MANGLAR SISTE ETAPPE: I 30 år har Kumle kvinne- og familielag jobba og samla inn pengar for å få gatelys langs vegane på øya. No manglar dei 1,8 kilometer, og har søkt kommunen om støtte. Det er fire månader sidan. Enno har dei ikkje fått svar. Foto:

Atløy manglar gatelys på ei strekke på 1,8 kilometer. Dei søkte kommunen om støtte for fleire månader sidan, men har ikkje fått svar.

DEL

No etterlyser Evy Alette Grane svar på søknaden ho sende på vegner av Kumle kvinne – og familielag og Atløy vel, i september i fjor.

Prosjektet starta i 1991, og målet er å få veglys langs vegane der det bur folk på Atløy. Første del av prosjektet vart starta opp i 1991, og no er tre av fire delprosjekt ferdige.

Manglar 1,8 kilometer

Lysa som til no er komne opp har kosta 120 dugnadstimar, og har hatt ein total kostnad på 548 000 kroner. Askvoll kommune støtta prosjektet med 15.000 kroner då det starta opp for 29 år sidan.

Det som no står igjen er å få lys langs 1,8 kilometer veg frå Grov til Garvik.

Pengane som til no har vore brukte er samla inn gjennom dugnad, basarar og bingoar, og dei siste åra har dei også fått noko frå grasrotdelen til Norsk Tipping.

Treng hjelp til siste resten

I september søkte altså dei to organisasjonane, Kumle kvinne – og familielag og Atløy vel, søknad om støtte til å ferdigstille lysprosjektet som har vore jobba med i 30 år.

– Delprosjektet som står igjen har ein estimert pris på 385.000 kroner. Det er inkludert 40 timar dugnadsarbeid. Kumle kvinne- og familielag har rundt 150.000 kroner som kan brukast. No håpar vi kommunen vil hjelpe oss slik at vi kan få dei siste lysa på plass, skreiv Torill Vårdal og Evy Alette Grane i søknaden til kommunen.

No har dei sendt inn søknaden på nytt, og etterlyser svar.


Artikkeltags