ShoeSaver UB frå Årdal er årets ungdomsbedrift

GLADE VINNARAR: F.v. rektor Henny Midtun, Mathias Rinde, Ørjan Sunde Vik, Andrine Natvik Jevnaker, Anders Lereng. Framme: Thomas Jevnaker og Hans Skogli.

GLADE VINNARAR: F.v. rektor Henny Midtun, Mathias Rinde, Ørjan Sunde Vik, Andrine Natvik Jevnaker, Anders Lereng. Framme: Thomas Jevnaker og Hans Skogli. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

ENTREPRENØR: Reiste heim med totalt seks prisar i bagasjen frå fylkesmessa.

DEL

– Det var heilt utruleg. Ein festdag. Kjempemorosamt, seier dagleg leiar i ShoeSaver UB, Hans Skogli.

Tysdag var det fylkesmesse for elev- og ungdomsbedrifter i Førde. Ungdomsbedrifta ShoeSaver stakk av med den gjævaste prisen, årets ungdomsbedrift, for ei slags pose du dreg ut på skoa dine for å verne dei mot boss, væte og gjørme på festival.

– Då vi starta i august diskuterte vi ulike problemstillingar for å sjå om vi kunne lage eit produkt ut av dei. Ein i ungdomsbedrifta hadde nettopp vore på Målrockfestivalen og fått dei kvite skoa sine skitna til. Vi ønskte å finne ei løysing på det problemet, og bestemte oss for å lage ei prototype som dei kunne vise potensielle kundar, fortel lærar Fredrik Jerstadmarken.

Fleire bruksområde

Elevane saumfór marknaden for å liknande produkt, men fann ut at dei var dei einaste med ideen. Då kontakta dei ein produsent i Asia.

– Vi fann etter kvart ut at dette var eit produkt med mange ulike bruksområde. Til dømes så har vi selt ShoeSaver til bilforhandlarar og skjenkekontrollørar, sjølv om vi i utgangspunktet laga produktet for festival, seier Jerstadmarken.

ShoeSaver kostar 99 kroner viss du kjøper dei på nettbutikken deira. Til sommaren er dei også å få kjøpt på Målrockfestivalen.

TIL FESTIVAL: ShoeSaver ein slags pose du dreg over skoa for å verne dei mot boss, væte og gjørme.

TIL FESTIVAL: ShoeSaver ein slags pose du dreg over skoa for å verne dei mot boss, væte og gjørme. Foto:

– Vi er overvelda over responsen vi har fått og er kjempestolt over det vi har gjort. No skal vi jobbe vidare med å kontakte potensielle kundar og få spreidd produktet vårt ut, seier Skogli.

Vann seks prisar

Men årets ungdomsbedrift var ikkje den einaste prisen årdalsbedrifta reiste heim med frå Førde. Dei vann også førsteplass i kategoriane beste marknadsføring, beste HR-bedrift, beste produkt, beste forretningsplan og innovasjonsprisen.

– Det var veldig kjekt. Vi hadde forhåpningar om at vi kunne ta nokre prisar, men hovudmålet var prisen for årets ungdomsbedrift. Dei andre var bonus. Elevane gjorde ein kjempejobb i går, seier Jerstadmarken.

Årdalsgjengen feira prisane med alkoholfri sjampanje i vaskehallen på bensinstasjonen på Skei i går, og i dag venta det is og kake frå rektor.

– Dette er veldig kjekt. Vi har satsa mykje på entreprenørskap på skulen dei siste åra. Det var godt å få ei stadfesting på at vi jobbar bra, seier Jerstadmarken.

Bit & Byte frå Hafstad vidaregåande skule vart andre beste ungdomsbedrift. Vinnar av beste elevbedrift vart Festarane EB frå Gloppen ungdomsskule.

Her er resten av vinnarane

1. plass Beste marknadsføring : ShoeSaver UB, Årdal vgs

2. plass Beste marknadsføring: Bit'n Byte UB, Hafstad vgs

1. plass Beste HR bedrift : ShoeSaver UB, Årdal vgs

2. plass Beste HR bedrift : Smak av verden UB, Måløy vgs

1. plass Beste utstilling : Agricultura UB, Mo og Øyrane vgs

2. plass Beste utstilling : Multifix UB, Eid vgs

1. plass Beste produkt : ShoeSaver UB, Årdal vgs

2. plass Beste produkt : Multifix UB, Eid vgs

1. plass Beste teneste : Bit'n Byte UB, Hafstad vgs

2. plass Beste teneste : Smak av verden UB, Måløy vgs

1. plass Innovasjonsprisen : ShoeSaver UB, Årdal vgs

1. plass Beste forretningsplan : ShoeSaver UB, Årdal vgs

1. plass Beste rekneskap : Focus UB, Sogndal vgs

1. plass Beste sosiale entreprenør : Mangfold UB, Flora vgs

2. plass Beste Ungdomsbedrift : Bit'n Byte UB, Hafstad vgs

Prisar for elevbedrifter

Beste elevbedrift

1. plass Festarane EB - Gloppen usk

2.plass Matkrukjen EB - Halbrend skule

Beste stand og utstilling 

1.plass Festarane EB- Gloppen -Ungdomsskule

2 plass IGNIS EB - Eikefjord skule

Klima og miljøprisen

1.plass Halbrend Røykeri EB - Halbrend skuke

Beste ide eller produkt

1.plass Det kreative hjørnet - Halbrend skule

2.plass Naustdalskoppen - Naustdal barne og ungdomsskule

Beste lokalsafmfunnsprosjekt

1.plass Festarane EB - Gloppen ungdomsskule

2.plass Med hjarte for eldre EB - Eikefjord skule

Artikkeltags