Opnar ikkje Vikafjellet søndag

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Vikafjellet er stengt grunna fare for snøras. Sjå status for fjellovergangane her.

DEL

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av snøras og fare for ras. Vegen blei vurdert søndag ettermiddag, men blei ikkje opna. Ny vurdering blir tatt på måndag klokka 15.

På riksveg 7 over Hardangervidda er det kolonnekøyring for køyretøy over 7,5 tonn på grunn av uvêr. Vegen kan bli stengt for same gruppa med køyretøy på kort varsel.

riksveg 15 over Strynefjellet er det fri ferdsle. Det er snø- og isdekke, og fare for glatte parti og elg.

På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er det kolonnekøyring. Det er snø- og isdekke, og nokre stadar redusert sikt.

På fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland er det innført kolonnekøyring for alle køyretøy.

I tillegg er fylkesveg 53 mellom Fodnes og Årdal stengt fram til måndag, grunna fare for ras. Utrykningskøyretøy kan passere.

VED BJØBERG: Bilde av Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet søndag morgon.

VED BJØBERG: Bilde av Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet søndag morgon. Foto:

Artikkeltags