Person hamna i elv i Årdal

Naudetatane rykte ut etter melding om ein person i elva i Årdal.

DEL

Klokka 11.23 blei det meldt inn ein observasjon av ein person i elva i Årdal. Lokaltbrannvesen var raskt på staden.

– Brannvesenet fekk kontakt med vedkommande i elva, seier Morten Rebnord, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Klokka 11.43 melde Vest politidistrikt på Twitter at personen hadde blitt redda på land.

Vedkommande er i god behald. Det er ikkje noko tilbakemelding om tilstand eller om det er behov for vidare oppfølging, men det blir nok ein legesjekk, seier Rebnord.

Artikkeltags