Gjenstand hang frå taket – tunnel vart stengt i Årdal

Entreprenør og elektrikar måtte utbetre skadene. Tunnelen er no meldt opna att.

DEL

Vegtrafikksentralen vest melde klokka 09.48 at Midnestunnelen på fv. 53 mellom Årdal og Øvre Årdal var stengt.

Årsaka var at ein gjenstand hang frå tunneltaket.

Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Ove Amundsen, fortalde klokka 10.57 at gjenstandane mest sannsynleg var elektrisk utstyr som hadde blitt slått laust av eit større køyretøy. Eit problem Vegvesenet dessverre ikkje er ukjende med, ifølgje trafikkoperatøren.

Både entreprenør og elektrikar vart sendt til tunnelen for å utarbeide skadene, og klokka 11.13 vart tunnelen meldt opna att.


Artikkeltags