Årdal er heilt isolert

Artikkelen er over 2 år gammel

ÅRDAL: Etter at fjellovergangen mellom Tyin og Årdal vart stengd i ettermiddag, er Årdals-samfunnet heilt isolert.

DEL

Etter at eit stort steinras torsdag stengde fylkesveg 53 til Årdal i indre Sogn, har vegen mellom Tyin og Årdal vore einaste opne veg for vegfarande som skal til og frå Årdal.

Grunna uvêret «Cora» vart òg denne ferdsleåra stengd i ettermiddag grunna mykje vind og nedbør.

Ifølgje Vegvesenet er vegen steng inntil vidare.

(Saka vert oppdatert.)

Artikkeltags