Gå til sidens hovedinnhold

Vitskremt av dataspel - skreik så høgt at naboar varsla politiet

Artikkelen er over 4 år gammel

Politiet i Årdal fekk klokka 01.11 i natt melding frå bekymra menneske i Øvre Årdal.

- Dei høyrte høge skrik frå ei bustadblokk. Dei høyrtest ut som dameskrik, og det høyrtest ut som om nokon trong hjelp, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved politiets operasjonssentral i Florø.

Då politiet fann kjelda til dei høge skrika, var det likevel inga jomfru i naud som venta dei:

- Der sat ein 16 år gamal ungdom og spelte dataspel.

- Han blir skremt av spelet, og kvar gong han blir skremt, skrik han, ler Gulliksen. Det er ikkje kjent kva spel 16-åringen spelte.