Norsun produserer igjen. Trekker tilbake varsel om permittering

I GANG: Norsun har lykkast med å få i gang produksjonen etter straumbrotet. Det blir derfor ikkje behov for å permittere tilsette.

I GANG: Norsun har lykkast med å få i gang produksjonen etter straumbrotet. Det blir derfor ikkje behov for å permittere tilsette. Foto:

Det blir ikkje permitteringar ved Norsun. Selskapet har klart å få i gang produksjonen.

DEL

8. oktober vart produksjonen ved solcelleprodusenten Norsun i Årdal ramma av eit straumbrot og spenningsforstyrringar.

Det var usikker kor snart ein kunne få i gang produksjonen, og det vart sendt ut eit permitteringsvarsel for 230 tilsette. No har selskapet trekt permitteringsvarselet tilbake.

– Norsun har god framdrift i arbeidet med å starte opp krystalltrekkarane etter det omfattande straumbrotet og spenningsforstyrringane, seier direktør Svenn Ivar Fure i ei pressemelding.

71 av 60 trekkarar skal vere tilbake i normal drift.

– Og dei tilsette jobbar hardt og målbevisst for å sikre trygg oppstart av resten av trekkarane før helga, seier Fure.

Ifølge selskapet er straumbrotet framleis under gransking, men det skal vere klart at det hende på Statnett sitt sentralnett.

Norsun fekk skade på elektronisk utstyr og batteribankar i styrings- og tryggleikssystema. Dette gjorde at manuell nedkjøling av produksjonseiningane måtte bli sett i gang for første gong i selskapets historie. Dei måtte derfor gjennomgå trekkarane nye før dei kunne starte opp att produksjonen.

Artikkeltags