Her riv Vegvesenet ned steinblokk på 40 kubikkmeter

    Statens vegvesen, driftsentreprenør og fjellreinskarar driv sikringsarbeid over Finnsåstunnelen. Sjå video frå arbeidet her.

    Artikkelen er over 1 år gammel

    ÅRDAL: Sjå video av kjempesteinen dundre ned fjellsida.

    DEL

    Statens vegvesen har i lag med driftsentreprenør og fjellreinskarar denne veka teke ned fleire store steinblokker i sida over Finnsåstunnelen på fv. 53 til Årdal.

    Fjellsida er den same som det rasa frå 4. januar. Eit ras som stengde fylkesveg 53 mellom Årdal og Lærdal i fleire dagar.

    Bakgrunn: Steinras sperrar fylkesveg mellom Lærdal og Årdal, Vegen blir ikkje opna før tidlegast torsdag, No er Årdal totalt isolerte frå omverda og No er fv. 53 mellom Lærdal og Årdal open igjen.

    Pressa laus med luftputer

    Sikringsarbeidet har Mesta fjellsikring mellom anna brukt luftputer som blir fylt med trykkluft for å presse laus store steinblokker som ligg ustabilt.

    Det er også brukt fjellreinsk med spett av mannskapet som har vore oppe i fjellsida over Finnsåstunnelen.

    Om lag 40 kubikkmeter

    Den største blokka var på rundt 40 kubikkmeter stein, og vart teken ned på føremiddagen torsdag, ifølgje Vegvesenet.

    Arbeidet med å få ned kjempesteinen kan du sjå i deira eigen video frå arbeidet, øvst i saka.

    Les også: Tolv dagar etter at dette raset vart rydda, kom nye steinar på same staden

    Arbeidet i videoen føregjekk medan vegen var stengt for trafikk.

    Ryddinga er ein del av den pågåande fjellreinskinga i sida over tunnelen, før sikringsnett etter kvart skal på plass.

    Artikkeltags