Alle bussruter forbi rasområdet på fv. 53 blir innstilt

Artikkelen er over 1 år gammel

ÅRDAL: Det melder Kringom etter steinraset på fv. 53 torsdag ettermiddag.

DEL

Steinraset som gjekk på fv. 53 ved Finnsåstunnelen mellom Fodnes og Årdalstangen torsdag ettermiddag, førte til at vegen vart stengd, og ikkje blir vurdert på ny for opning før laurdag.

Det gjer at også alle bussruter forbi rasområdet blir innstilt. Det blir arbeidd med alternative ruter frå Lærdal via Tyin til Årdal, ifølgje Kringom sine nettsider.

Ruter som går via Tyin ettermiddag/kveld torsdag 4. januar:

15:25 frå Lærdal til Årdalstangen - går via Tyin

15:30 frå Sogndal til Øvre Årdal - må vent i Lærdal til 18:50

17:15 frå Sogndal til Øvre Årdal - Sjukehussbuss frå Førde. Går via Tyin ank. Årdalstangen ca kl 19:55

20:35 frå Sogndal til Øvre Årdal - Går via Tyin

15:40 frå Årdalstangen til Lærdal/Sogndal/Bergen - korrespondanse på Fodnes med Sognebuss kl 18:00

16:00 Frå Øvre Årdal skysstasjon til Lærdal/Sogndal/Bergen

20:45 frå Årdalstangen til Sogndal - Ank. Sogndal 00:05 Korrespondanse med nattbuss til Oslo på Lærdal.

Artikkeltags