Brann i gardshus i Årdal - let seg ikkje redde

ÅRDAL: Brannen vart varsla av forbipasserande. Det skal ikkje ha vore folk i huset.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder klokka 23.15 søndag kveld om ein brann i ein einebustad i Årdal.

Ifølgje politiet vart brannen varsla av forbipasserande.

Brann, ambulanse og politi er sendt til staden.

23.35 fortel vaktleiar Espen Rysjedal ved alarmsentralen i Florø at brannen er i eit hovudhus på ein gard.

- Brannvesenet er komne på plass staden, og skal byrje å sløkke no, seier Rysjedal.

Ifølgje vaktleiaren er bygningen overtent. Det skal vere andre driftsbygningar på garden, men ikkje spreiingsfare.

Rysjedal fortel at gardshuset ikkje er bebudd, og at det ikkje har vore folk i huset. Huseigar er varsla om brannen.

Like før klokka 01.00 fortel vaktleiar Rysjedal at det er minimalt med vatn tilgjengeleg på staden, og at brannmannskapet difor brukar vatnet til å sikre nærliggande bygg.

- Dei vil late bygget brenne ned kontrollert, seier han.

Artikkeltags