Alt av lokalt mannskap blei sendt ut til brann i Øvre Årdal

BAK HYDRO: Ifølge ein reportar frå Porten ser det ut til at brannen har syarta langt nede i terrenget bak Hydro.

BAK HYDRO: Ifølge ein reportar frå Porten ser det ut til at brannen har syarta langt nede i terrenget bak Hydro. Foto:

Rundt 150 gonger 150 meter stod i brann onsdag kveld, men klokka 21.20 melde politiet at brannen var sløkt.

DEL

SISTE: Politiet melde klokka 21.20 onsdag kveld at brannen i Øvre Årdal er sløkt og at det blir oppretta sak.

Det var klokka 19.37 onsdag kveld at Vest politidistrikt melde om brann i terreng ved Ytre Moa i Øvre Årdal.

– Brannvesenet er på staden. Politiet er på veg, melde politiet då.

Oddbjørn Aune, vaktoperatør ved Alarmsentralen opplyste då at det var fare for spreiing.

– Det er mykje vind i området, og vinden er aukande, så det spreier seg fort. Vi har hive ut alt av mannskap og har veldig mange mann i sving, sa Aune klokka 19.55. Det er også veldig tørt i området.

Området som brann ligg i eit område ovanfor Hydro sitt verk, og det var snakk om ein gras, kratt og lyngbrann.

– Det er førebels ikkje fare for hus, men det spørst korleis brannen spreier seg, sa Aune då.

Til Porten sa Magne Knudsen, tenestestadsleiar ved Årdal lensmannskontor, onsdag kveld at dei har ei meining om brannårsaka og at dei avhøyrer eit vitne. Men han vil ikkje seie noko meir om kva dei trur brannårsaka er.

Klokka 20.40 opplyste Terje Birkeland ved Alarmsentralen at brannvesenet ikkje hadde kontroll på brannen. Det var då framleis vind i området og framleis spreiingsfare, men det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg til bygningar.

Siste melding var då at eit belte på rundt 150 gonger 150 meter stod i brann.

– Vi får ikkje helikopter i kveld, men tidlegast i morgon tidleg, sa Birkeland onsdag kveld, før brannen var sløkt.

– Kvifor ikkje i kveld?

– Det er på grunn av flytid og fordi dei uansett ikkje kan flyge når det er mørkt.

Har du bilde frå brannen? Send dei gjerne til redaksjon@firda.no


Artikkeltags