Vil legge ned fleire lensmannskontor

VIL LEGGE NED: Arne Johannessen vil legge ned fleire lensmannskontor i fylket.

VIL LEGGE NED: Arne Johannessen vil legge ned fleire lensmannskontor i fylket. Foto:

Politisjef Arne Johannessen trur innbyggarane vil tene på det.

DEL

Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, vil legge ned lensmannskontora i Aurland og i Årdal.

Kontora var nære ved å bli lagt ned i 2017 også, men blei redda den gong. Johannessen seier til NRK Sogn og Fjordane at økonomi og større krav til kompetanse er årsaka til at han vurderer nedlegging på ny.

– Eg er heilt tydeleg på at eitt lensmannskontor er mykje meir framtidsretta i høve til dei kvalitetskrava i politiet, som til dømes responstid, enn å ha tre kontor der to av dei er svært små, seier Johannessen til NRK.

Politisjefen vil slå lensmannskontora i Årdal og Aurland saman med Lærdal.

Politiets Fellesforbund er ikkje samd i vurderinga:

– Heile intensjonen i nærpolitireforma er at politiet skal vere meir synleg og til stades. Det skjer ikkje ved å leggje ned lensmannskontor, seier forbundsleiar Sigve Bolstad til NRK.

Artikkeltags