Uventa positiv utvikling på arbeidsmarknaden i fylket

– Tilgangen av ledige stillingar er god, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

– Tilgangen av ledige stillingar er god, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

ARBEIDSLIV: Sogn og Fjordane har lågast arbeidsløyse i landet, seier NAV-direktøren.

DEL

– Utviklinga på arbeidsmarknaden dei siste månadene er meir positiv enn vi hadde venta. Dette er det lågaste månadstalet vi har hatt sidan desember 2014. Samstundes er tilgangen av ledige stillingar god, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.

Sogn og Fjordane mot straumen

I mai var det 982 personar i Sogn og Fjordane heilt utan arbeid. Dette er 88 færre enn i same månad i fjor. Med 1,7 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid, har vi lågast arbeidsløyse i landet, går det fram av ei pressemelding frå NAV.

På landsnivå har arbeidsløysa auka med 5348 personar (7 prosent) frå mai i fjor. Det er no 80.342 heilt ledige, tilsvarande 2,9 prosent av arbeidsstyrken. Vestlandsfylka, med unnatak av Sogn og Fjordane, og Agder-fylka står for det meste av auken.

Store forskjellar mellom kommunane

12 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i mai. Størst reduksjon har Vågsøy med 43 færre ledige enn på same tid i fjor og Stryn med 32 færre ledige. Hornindal og Solund har lågast arbeidsløyse.

Den høgaste arbeidsløysa finn vi i kystkommunane Selje (4,0 prosent), Flora (3,4 prosent) og Bremanger (3,4 prosent). Til saman 36 permitterte i fiskeindustrien i desse tre kommunane bidreg til dette, opplyser NAV.

Fleire arbeidslause innan ingeniør- og ikt-fag

Størst nedgang i arbeidsløysa er det innan industri og bygg og anlegg, som har høvesvis 54 og 21 færre ledige enn i mai i fjor. Størst auke er det innan ingeniør- og ikt-fag, som har ein auke på 12 personar.

I mai var det 126 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 39 færre enn i same månad i fjor. 58 av dei permitterte kjem frå industri, av dette 50 frå fiskeindustri, mens 34 kjem frå bygg og anlegg.

Positivt for innvandrarar

NAV-direktøren påpeikar at talet på heilt ledige innvandrarar frå ikkje-vestlege land er redusert med 26 personar frå mai i fjor. Dette svarar til ein reduksjon på 12 prosent. Også innvandrarar frå vestlege land, som stort sett er arbeidsinnvandrarar, har ein reduksjon på 12 prosent. Reduksjonen er størst blant innvandrar som jobbar i industri, serviceyrke og bygg og anlegg.

– Innvandrarar er ofte mellom dei første som må gå når arbeidsmarknaden forverrar seg, så det er positivt at mange i denne gruppa no kjem i jobb att, seier Thorsnes.

Fleire ledige stillingar

Stillingsmarknaden i Sogn og Fjordane har utvikla seg positivt i 2016. I mai har talet på ledige stillingar auka med 15 prosent, samanlikna med mai i fjor. Auken er størst innan industri, reiseliv og transport.

Artikkeltags