Kraftig nedgang i arbeidsløysa

NEDGANG: Frode Henden er nøgd med dei nye tala som viser at arbeidsløysa har gått kraftig ned.

NEDGANG: Frode Henden er nøgd med dei nye tala som viser at arbeidsløysa har gått kraftig ned. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

ARBEID: Sidan februar i fjor har arbeidsløysa i fylket vorte redusert med heile 14 prosent, i følgje nye tal frå NAV.

DEL

NAV registrerte heile 813 nye stillingar i februar, noko som syner at det er høg aktivitet både i privat og offentleg sektor i Sogn og Fjordane. Samstundes er arbeidsløysa redusert med 14 prosent sidan februar i 2017. Det er no 955 heilt ledige i fylket, som er 159 færre enn for eitt år sidan.

– Den fine starten på det nye året held fram og vi ser òg at resten av Vestlandet har fått hjula godt i gang att etter oljekrisa, fortel Frode Henden i NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Med ei arbeidsløyse på 1,6 prosent, har Sogn og Fjordane den lågaste arbeidsløysa i landet. På landsnivå er den redusert med 18 prosent frå februar i fjor. Det er no 69.789 heilt ledige, som svarar til 2,5 prosent.

– Dei fire vestlandsfylka står for nær halvparten av nedgangen i arbeidsløysa på landsnivå og vi ser at situasjonen byrjar å normalisere seg hjå naboane våre, seier Henden i pressemeldinga.

Størst reduksjon i Flora og Sogndal

15 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i februar. Størst reduksjon har Flora og Sogndal, med høvesvis 43 og 26 færre ledige enn på same tid i fjor. Bremanger har størst auke i arbeidsløysa med 15 fleire utan arbeid. Dette skuldast permitteringar i fiskeindustrien. Bremanger, med 3,5 prosent, har høgast arbeidsløyse i Sogn og Fjordane. Hornindal og Solund, med høvesvis 0,6 prosent og 0,7 prosent, har lågast arbeidsløyse.

Få ledige i industrien

Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan industri med 81 færre ledige enn i februar i fjor. Det er no bere 203 ledige i industrien. Låge permitteringstal bidreg godt til dette. I februar var det 96 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 41 færre enn same månad i fjor. 24 av desse kjem frå bygg og anlegg og 39 frå industri (av dette 28 frå fiskeindustrien).

Positivt for langtidsledige

Talet på langtidsledige over 26 veker er redusert med 24 prosent frå februar i fjor. Talet på korttidsledige er redusert med 12 prosent.

– Dette er ei gledeleg utvikling, som i stor grad skuldast aktiv bruk av arbeidsmarknadstiltak overfor denne gruppa, seier Henden i pressemeldinga.

Stor etterspurnad etter arbeidskraft

Det vart registrert 813 nye ledige stillingar i februar, ein auke på 32 prosent frå februar i fjor. Auken er størst innan kontorarbeid, bygg/anlegg og industri. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg og innan reiseliv og transport.

– Sjølv om mange av dei nye stillingane, særleg i helsesektoren, gjeld sommarjobbar, er dette svært positive tal og teikn på auka aktivitet, seier Henden til slutt i pressemeldinga.

Artikkeltags