Dette gav Tor Erik toppkarakter

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Tor Erik Oppedal fekk toppkarakter på sveineprøva si som bakar.

– Det følast veldig bra. Eg hadde sjølvsagt eit håp om at eg skulle klare det, så då eg klarte det vart eg veldig glad, seier Tor Eirik Oppedal (22), og legg til at det heng høgt.

Brød

Det var brødbakst som vart den store eldprøva for Oppedal.

– Eg skulle lage fire forskjellige brød, 0-5 prosent grovt, eit frå 50–100 grovt og eit 100 prosent grovt og eitt valfritt brød. Der valde eg å lage eit valnøttbrød, fortel Oppedal om sveineprøven.

– Eg jobba systematisk, og hadde laga meg ein plan for korleis eg skulle jobbe meg gjennom prøva, seier den nybakte bakaren.

– Korleis var det med nervane under prøva?

– Under sveineprøva var nervane under kontroll, men det var litt verre før. Eg har jo eit fagbrev før som konditor, så eg har vore igjennom dette før, seier Oppedal.

– Kva var det som gjorde at du ville ha eit fagbrev til?

– Eg hadde lyst til å ha begge fagbreva, for då har eg fleire moglegheiter seinare.

Langvarig interesse

22-åringen frå Oppedal i Gulen har heilt sidan oppveksten vore interessert i konditor- og bakaryrket.

– Det har eg alltid hatt som mål. Eg har alltid likt å bake heime på kjøkkenet, og så har eg eit tante som er konditor, fortel han, og legg til at dette har inspirert yrkesvalet hans.

Fekk fast jobb

– Kva skal du gjere no då? Blir det andre bollar framover?

– Eg har fått fast jobb på Naustdal Dampbakeri AS, så der blir eg verande. Eg liker arbeidsmiljøet der veldig godt, seier Oppedal.

Det set medeigar og konditoransvarleg i Naustdal Dampbakeri AS, Ole John Berntsen, stor pris på.

– Vi er grådig glade for at han vil halde fram hjå oss. Det er ikkje lett å få tak i bakarar i dag; det er få som vel linja, og få er så flinke som Tor Erik, seier Berntsen.

Han er også særs god nøgd med resultatet til Oppedal på fagprøva.

– Det er veldig kjekt. Det er det vi strevar etter kvar gong. Vi ønsker at lærlingane skal gjere så godt som mogleg. Men det er kandidaten sjølv som må legge ned innsatsen og treninga. Det var veldig fine produkt han lagde. Alt klaffa, det var ikkje noko som vart mislykka. Det er mykje du skal gjere på kort tid på ei fagprøve, så det er fort at det er noko som ikkje blir hundre prosent. Men dette var veldig bra! Han har vore veldig flink, og jobba effektivt og ryddig heile tida.

Artikkeltags