Ny undersøking: Vi står lengst i jobb

Tal frå NAV viser at fleire står i jobb lenger, og dei frå Sogn og Fjordane toppar statistikken.

DEL

Det melder NAV i ei pressemelding.

– Dette er både imponerande og litt overraskande, gitt fylket sin næringsstruktur, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland.

Bedriftene er gode på å inkludere

Ho grunngjev at det er litt overraskande at Sogn og Fjordane ligg på topp, fordi fylket har ei overvekt av sysselsette innan primærnæringane som industri, bygg og anlegg, og at færre jobbar for høgt utdanna. Dette skulle ifølge Bognes heller ført til at fylket kom noko lenger ned på lista.

– Mangel på kvalifisert arbeidskraft har truleg ført til at bedriftene er gode på å inkludere og legge til rette for eldre arbeidstakarar, då desse er svært viktige for bedrifta. Fylket har mange små bedrifter, til dels familiebedrifter som kanskje har litt andre haldningar til godt vaksen arbeidskraft enn gjennomsnittet, forklarar Bogsnes.

På topp

Tala frå NAV viser også at dei over 50 år i snitt brukar dobbelt så lang tid på å kome seg i jobb igjen samanlikna med yngre arbeidssøkarar.

– Dette er synd ettersom dette ofte er svært lojale medarbeidarar med erfaring, god helse og lågt fråvær som kan tilføre bedrifta viktig kapasitet, men også sjå nye forretningsområde, seier Bogsnes om dei eldre arbeidssøkarane.

Ho meiner det er positivt at fleire står i jobb lenger som følge av auka levealder, betre helse, auka utdanningsnivå og effekten av pensjonsreforma.

– Sogn og Fjordane ligg heilt på topp her.

Artikkeltags