Ny studie: Kristen bakgrunn negativt for jobbsøkarar

NEGATIVT: Kristne blir nesten like mykje diskriminerte som muslimar om dei er opne om religionen sin i jobbsøknader.

NEGATIVT: Kristne blir nesten like mykje diskriminerte som muslimar om dei er opne om religionen sin i jobbsøknader. Foto:

Av

Kristne blir nesten like mykje diskriminerte som muslimar dersom dei er opne om religiøs tilhøyrsel i jobbsøknaden, viser ei ny, norsk avhandling.

DEL

– Det overraskar oss at kristen bakgrunn slår negativt ut når ein skal søke jobb, seier Edvard Nergård Larsen, stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (ISS), Universitetet i Oslo til Vårt Land.

Saman med kollegaer har han sendt ut over 18.000 fiktive jobbsøknader til bedrifter i Noreg, Nederland, Storbritannia, Tyskland og Spania. Nærare 3.000 søknader var adresserte til norske arbeidsgivarar.

Hovudfunnet i den norske delen av undersøkinga er at søkarar med typiske norske namn blir føretrekte framfor søkarar med utanlandske namn.

I CV-en oppgav alle søkarar at dei hadde jobba for ein ikkje-namngitt ungdomsorganisasjon. I halvparten av tilfella vart organisasjonen til Kristian og Silje beskrive som kristen, medan organisasjonen til Tariq og Yasmeen vart omtalt som muslimsk.

I tilfella der religion vart nemnd hadde duoen med utanlandske namn berre 10 prosent sjanse for å bli innkalla til intervju. Men også Kristian og Silje opplevde forskjellsbehandling. Sjansen deira for å bli innkalla var no 20 prosent.

– Det er nesten like ille å vere aktiv i ein kristen organisasjon som å ha eit pakistansk-klingande namn, konkluderer Larsen i ein artikkel på nettsida til Universitetet i Oslo , der funna først vart presentert.

Av dei fem landa undersøkingane er utførte i, er det berre i Noreg kristne blir diskriminerte.

Artikkeltags