Varslar at 35.000 kan bli tekne ut i streik frå søndag

LOs leiar Hans-Christian Gabrielsen og NHOs administrerande direktør Kristin Skogen Lund ved starten av tarifforhandlingane 2018.

LOs leiar Hans-Christian Gabrielsen og NHOs administrerande direktør Kristin Skogen Lund ved starten av tarifforhandlingane 2018. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

ARBEIDSLIV: Tilsette i buss, matindustri og ein mengd andre bransjar kan bli tatt ut i streik søndag.

DEL

35.000 tilsette innan buss, matvareindustri, spedisjon og ei rad bransjar blir tekne ut i streik frå søndag om det ikkje blir semje mellom NHO, YS og LO.

AFP, krav om reise, kost og losji og tenestepensjon står sentralt når meklinga startar onsdag. Partane har frist for å komme til semje innan midnatt laurdag 7. april. Viss ikkje vil rundt 35.000 LO- og YS-medlemmer over heile landet bli tatt ut i streik frå søndag.

Forskingsleiar ved Fafo, Kristin Alsos, torer ikkje tippe kor stor risikoen er for ein streik. Følgene kan likevel bli store, med over 200.000 tilsette i ei rekke bransjar potensielt tatt ut av arbeid dersom streiken blir trappa opp. Det blir i tilfelle den første storstreiken i privat sektor på 18 år.

Transport blir råka

For den jamne forbrukar vil nok dei første konsekvensane bli merka på transport.

– Det er tatt ut ein del ferjesamband, det er også ein del tatt ut innan buss i blant anna Oslo, Stavanger og Sandnes, og også noko innan langtransport. På lengre sikt vil det bli merka på leveransar til butikkane at så mange er tatt ut i matvareindustrien. Streik innan reinhald vil også på sikt kunne ramme andre bransjar indirekte, seier Alsos til NTB.

Ulike krav

Kor bredt ein eventuell streik vil famne, avheng av kva tema det blir konflikt på. LO varslar for eksempel at dei vil ta ut nærmare 29.000 medlemmar i streik, der 7.868 er omfatta av Industrioverenskomsten. Det betyr at dersom det blir streik på krava knytt til reise, kost og losji, er det berre desse som vil bli tatt ut i streik. Blir det derimot streik på AFP, lønn eller tenestepensjon, vil alle 29.000 bli tatt ut. Lista over LO-bedrifter som blir tatt ut i streik er 40 sider lang.

– Vi har alltid som utgangspunkt at vi skal komme til semje under ei mekling, men vi har krevjande tema på bordet, derfor førebur vi oss også til streik dersom vi ikkje skulle bli einige. På bordet ligg våre krav om ein meir rettferdig pensjon og betra kjøpekraft, og også krav knytt til reise, kost og losji for utsende arbeidstakarar, seier LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.

Kompliserte spørsmål

YS har varsla Riksmeklaren om plassoppseiing for i underkant av 6.000 medlemmer knytt til forbunda Delta, Negotia, Parat, SAFE og YTF. Blant anna tar YS ut 1.300 bussjåførar i Oslo og omland, Stavanger og Sandnes frå søndag om det ikkje blir semje.

– Vi skal gjere vårt for å unngå storstreik, men det er ingen grunn til å legge skjul på at vi står overfor nokre utfordringar når vi no skal løyse kompliserte spørsmål om både AFP og pensjon, seier Vegard Einan, leiar for YS Privat.

FAKTA OM ÅRETS LØNSOPPGJER

  • Årets lønnsoppgjer er eit hovudoppgjer, som betyr at det ikkje berre skal forhandlast om lønn, men at alle tariffavtalenes vedtekter er opne for revidering.
  • Forhandlingar om lønn, ei ny AFP-ordning, samt om krav knytt til reise, kost og losji for tilsette som blir sendt på oppdrag, er venta å bli dei mest krevjande sakene i årets forhandlingar.
  • Først ute er oppgjeret i privat sektor mellom NHO og LO og YS. Offentleg sektor startar sine forhandlingar når privat sektor er ferdig.
  • NHOs representantskap har vedtatt at det er rom for maksimalt 2,7 prosent lønnsauke i år.
  • Oppgjeret i privat sektor starta 12. mars med frist 22. mars, og enda med brot.
  • Riksmeklaren overtar med meklingsoppstart onsdag 4. april og frist 7. april.
  • Viss det ikkje blir semje, har LO og YS varsla at nærmare 35.000 av deira medlemmer vert tatt ut i streik frå søndag.
  • LO og YS vedtok i år for første gang på ti år å gå for eit samordna oppgjer i motsetning til eit forbundsvist oppgjer, som er normalen. Det inneber at LO og NHO sentralt og YS og NHO sentralt forhandlar, og at vedtaka blir bindande for alle forbunda i LO og YS.
  • I tillegg kjem rundt 150 forbundsvise justeringsforhandlingar, såkalla forbundsvise sløyfer.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken