Mann sikta for menneskehandel i Sogn og Fjordane

DEL

Måndag blei ein mann i Sogn og Fjordane arrestert i samband med eit tilsyn gjennomført av Arbeidstilsynet, skriv NRK Sogn og Fjordane tysdag morgon.

Mannen er mistenkt for grov utnytting av arbeidskraft, skriv NRK. Tilsynet blei gjennomført på grunn av mistanke om at ein del arbeidarar frå Polen vart utnytta, mellom anna når det gjeld løn, arbeidstid og innkvartering, seier politiadvokat Bernt Dahlsveen til NRK.

Mannen, som er polsk statsborgar, har status som sikta for menneskehandel i saka.

Tenestestadleiar i den aktuelle kommunen stadfestar til Firda at lokalt politi saman med politi frå Bergen og Arbeidstilsynet gjennomførte ein aksjon måndag der ein mann blei arrestert.

Mistanke om utnytting

Mannen blei tatt med til Bergen og skal avhøyrast der i løpet av tysdagen.

– Arbeidstilsynet og politiet i Bergen har fått opplysningar som gjorde til at det blei gjennomført ein aksjon her. Vi har berre hjelpt til, seier tenestestadleiaren.

Til saman var fem-seks personar frå politi og arbeidstilsyn involvert i aksjonen og tenestestadleiaren kjenner ikkje til at det skal ha vore noko dramatikk rundt pågripinga.

– Politiet hjelpte Arbeidstilsynet då dei hadde tilsyn på ein arbeidsplass i Sogn. Der kom det fram opplysningar som førte til mistanke om at bærplukkarane vart utnytta gjennom dei vilkåra dei hadde for arbeidstid, lønn, innkvartering og så vidare.

Det seier politiadvokat Bernt K. Dahlsveen.

30-40 bærplukkarar

– Bestemmelsen i straffelova om menneskehandel går på å utnytte personar som gjerne er i ein sårbar situasjon til mellom anna arbeids, seier Dahlsveen.

Det skal vere snakk om mellom 30–40 bærplukkarar.

Mannen driv ifølge politiadvokaten eit selskap som leiger ut arbeidskraft. Den som leigde arbeidskrafta er altså ikkje sikta i saka.

– Er det grunn til å tru at fleire vil bli involverte?

– Dette er ei etterforsking i startfasen. Vi vil få betre inntrykk av korleis dette er etter kvart som vi får gjort avhøyr av den sikta og arbeidarane, seier Dahlsveen.

Så langt Dahlsveen kjenner til, er alle dei involverte arbeidstakarane også frå Polen.

Det er avsnitt for menneskehandel i Bergen som har ansvar for den vidare etterforskinga.

Forsvararen til mannen, Anette Vangsnes Askevold, seier til Firda at ho ikkje ønsker å kommentere saka førebels. Men ho opplyser at det ikkje vart gjennomført fullstendig avhøyr tysdag og at mannen ikkje har tatt stilling til siktinga.



Artikkeltags