Streiken avverga, semje om null-oppgjer

SafeClean AS i Høyanger er ei av mange verksemder i Sogn og Fjordane der tilsette som er organiserte i Fellesforbundet kunne blitt tekne ut i streik. 
Verksemda er spesialistar på å fjerne belegg som skaper drifts- og miljøproblem i offshorenæringa og annan prosessindustri. (Illustrasjonsfoto.)

SafeClean AS i Høyanger er ei av mange verksemder i Sogn og Fjordane der tilsette som er organiserte i Fellesforbundet kunne blitt tekne ut i streik. Verksemda er spesialistar på å fjerne belegg som skaper drifts- og miljøproblem i offshorenæringa og annan prosessindustri. (Illustrasjonsfoto.) Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Norsk Industri og Fellesforbundet greidde å unngå storstreiken som var varsla frå klokka 06:00 i dag.

DEL

Fellesforbundet og Norsk Industri vart i dag samde i frontfagoppgjeret. Som vanleg vart det mekla på overtid, skriv Norsk Industri i ei pressemelding.

Det generelle kronetillegget blir null kroner. På tross av null i sentralt tarifftillegg, blir resultatet av overheng (1,1 prosent), tekniske endringar og ventet glidning ein årslønnsvekst på 2,4 prosent.

– Eg ventar at seinare oppgjer endar opp innanfor frontfagets rammer, og dermed er lojale mot industrien, seier Stein Lier-Hansen, adm. dir. i Norsk Industri. 

Resultatet inneber ytterlegare redusert lønnsvekst i Norge, i tråd med utviklinga dei siste åra. Lønnsveksten i Norge er etter dette oppgjeret på linje med sentrale handelspartnere.    

Partane er ifølgje Norsk Industris pressemelding samde om å legge til rette for styrka kompetanseutvikling i verksemdene.

Det vanskelege pensjonsspørsmålet vart i sluttfasen av mekling teke ut av frontfagoppgjøret og overlatt til utgreiing basert på Fellesforbundets og Norsk Industris forslag om pensjonskonto, i regi av regjeringa og i samarbeid med arbeidslivets partar.

Eit felles brev fra Fellesforbundet og Norsk Industri til regjeringa ved statsminister Erna Solberg resulterte i at Regjeringen har vedteke å føreslå for Stortinget ei utviding av lengda på permitteringar frå 30 til 52 uker.  

Oppgjeret går no til uravstemming blant Fellesforbundets medlemmer. Uravstemminga vil vere avsluttet 29. april. Styret i Norsk Industri skal òg handsame resultatet.

Medlemsverksemder i Norsk Industri som ønskjer å forkaste meklingsforslaget må gje skriftlig melding om dette innan 15. april 2016, jf. Hovedavtalens paragraf 3-5, heiter det avslutningsvis i pressemeldinga.

Artikkeltags