– Trist at saka kom så langt

ARBEIDERPARTIET: Åshild Kjelsnes seier det er sørgelig at ein har brukt så mykje tid og pengar på eit sal dei aldri meinte burde skje.

ARBEIDERPARTIET: Åshild Kjelsnes seier det er sørgelig at ein har brukt så mykje tid og pengar på eit sal dei aldri meinte burde skje. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

POLITIKK: Åshild Kjelsnes (Ap) og Alfred Bjørlo (V) er glade for at Fjord1 blir i fylket, men rettar kritikk mot måten saka har vore handtert på.

DEL

– Dei er ei avgjerd vi har venta lenge på, og eg er ikkje overraska, seier Åshild Kjelsnes, fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane. Ho viser til teikna Konkurransetilsynet har komme med når dei jobba med saka.

Konkurransetilsynet seier no nei til at Torghatten får kjøpe Fjord1 AS.Kjelsnes fortel at Arbeidarpartiet sin utgangsposisjon alltid har vore at dei ikkje ønsker å selje selskapet. For henne er det ingen sorgas dag at Fjord1 blir hos fylkeskommunen.

– Eg legg ikkje skjul på at eg er glad. Dette gir Fjord1 moglegheita til å vere det leiande ferjeselskapet i Norge.

Les også:Fylkesordføraren er overraska over vedtaket.

Tidlegare har Ap-politikaren skildra situasjonen med eit bilde av Fjord1 som ei flott ferje som no legg ut på ein ruskete fjord, utan årar, mannskap eller motor dersom selskapet vart selt. Ho peikar på korleis Fjord1 har vore eit forbilde på teknologi med gassferjer, hybridferjer, og at dei første batteriferjene no er bestilt. Dette vil ho dei skal få fortsette å utvikle seg med, utan at nokon større står over med makta.

– Det er eit stort, lokalt kompetansemiljø som har base i Sogn og Fjordane, og slik vil vi ha det, seier Kjelsnes.

Tapte med ei stemme

Kjelsnes seier at Ap har hatt ein stø kurs i arbeidet med Fjord1, og dei var i eit sørgeleg mindretal heilt til det nye fylkestinget vart sett.

– Då var det nesten som vi fekk båten til å bere, men vi tapte med ei stemme.

Alfred Bjørlo, fylkestingsrepresentant, stod også i opposisjon til salet. For han var det ikkje eit uventa resultat heller.

– Det var jo akkurat det her vi som sat i mindretal på fylkestinget åtvara mot. Vi var veldig overraska over at fleirtalet med Senterpartiet i spissen gjekk så lett god for dette. Det låg så mykje prestisje i saka for SP at ein ikkje lytta på åtvaringane frå alle kreftene i fylket som har peiling på næringsliv og konkurranse. Dei høyrde ikkje på NHO eller nokon av dei store bankane som har kompetanse på dette område, og som sterkt råda i mot denne merkelege ideen om å selje Fjord1 til konkurrenten, seier Bjørlo.

VENSTRE: Alfred Bjørlo trur det er rett å få inn nye eigarar etter kvart, men at ein må sørge for at hovudkontoret og kompetansen blir i fylket. Dette såg han ikkje skje ved sal til Torghatten.

VENSTRE: Alfred Bjørlo trur det er rett å få inn nye eigarar etter kvart, men at ein må sørge for at hovudkontoret og kompetansen blir i fylket. Dette såg han ikkje skje ved sal til Torghatten. Foto:

Svindyre, men elendige råd

Kjelsnes tykkjer det er sørgeleg å sjå på rekka med feilråd som er gitt, som har kosta fylkeskommunen mykje tid og pengar. Bjørlo er heilt einig. Han meiner beløpet fylkeskommunen har brukt på konsulentar er heilt vanvitig.

– No har vi betalt ut over eit tosifra millionbeløp på direkte misvisande råd, seier Bjørlo.

Han fortel vidare at konsulentane sa til fylkestinget at alt ville gå bra. Fylkestinget vart råda til å selje Fjord1 til konkurrenten Torghatten, og vart fortalt at det ikkje var noko risiko med tanke på Konkurransetilsynet.

– Eg håpa fylkesordføraren og fylkesrådmannen ikkje betala full pris for desse svindyre råda. Råda var direkte feil, og gjer at vi no må starte heilt på nytt. Eg synast det er forferdeleg, men først og fremst trist at saka har kome så langt som i dag. Denne rare ideen om å selje ferjeselskapet vårt til Torghatten burde vore stoppa hos fylkestinget i fjor haust.

Artikkeltags