– Under mistanke ved fylte 75?

Å halde fram med obligatorisk legesjekk av bilistar over 75 år er bortkasta ressursar, meiner Sverre Myrli, Ap sin trafikkpolitiske talsmann.

Å halde fram med obligatorisk legesjekk av bilistar over 75 år er bortkasta ressursar, meiner Sverre Myrli, Ap sin trafikkpolitiske talsmann. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Å bruke fastlegar til å spørje friske eldre om kva klokka er, eller kva hovudstaden i Norge heiter – for å vurdere om dei skal få halde fram å køyre bil, er bortkasta ressursar, meiner Arbeidarpartiet, som no vil fjerne heile ordninga.

DEL

Dagens ordning med at eldre over 75 år må inn til obligatorisk helsesjekk hos fastlege for å få fornya førarkortet sitt, må avviklast, meiner Arbeidarpartiet.

Dette skriv Firdaposten.

– Eldre er vaksne menneske, og skal behandlast med respekt. Difor vil Arbeidarpartiet ha slutt på dagens tungvinte ordning for å behalde førarkortet etter fylte 75. Krav om oppmøte hos fastlegen for å svare på spørsmål ein stiller til barnehageborn, er unødvendig plaging av friske folk, seier transportpolitisk talsmann i Ap, Sverre Myrli.

Åleine i Norden

I dag kan eldre køyre bil fram til fylte 75 år, utan å måtte ha noko form for legeerklæring. Denne grensa blei flytta frå 70 år til 75 år i 2014. No vil Ap fjerne heile systemet.

– Det same gjeld kravet om oppmøte på ein trafikkstasjon, som for mange kan ligge mange timars reise unna. Hadde systemet vore naudsynt for trafikksikktryggleiken, hadde saka stilt seg annleis. Men slik er det ikkje, slår Myrli fast.

Han viser til Danmark som hadde ei ordning omtrent som den norske, men som no er borte. Sverige har aldri hatt noko slik ordning.

– Statens vegvesen konkluderer klart i ein rapport: Det er ikkje grunnlag for å sjå eldre personar generelt som eit sikkerheitsproblem i trafikken, det er ei urimeleg gruppetenking. Eldre er individ, som alle andre, slår Myrli fast.

– Må stole på fagfolka

Han peikar på at førarkortet er viktig for mange sin fridom, spesielt dei som ikkje bur i store byar med godt kollektivtilbod.

– Er ein uskikka til å køyre bil – noko ein kan vere uansett alder – må ein sjølvsagt takast ut av trafikken. Det ansvaret skal fastlegane og politiet framleis ha. Vi har tillit til fagfolks vurderingsevne, slår Ap-politikaren fast.

I dag brukar fastlegane mykje tid på oppgåver som burde vore unødvendige, som fornying av førarkort for eldre.

– Vi vil alle nyte godt av kortare ventetid, om legen kan bruke tida si på viktigare ting: Å behandle pasientar med reelle behov, og ikkje spørje friske eldre om dei kan teikne kor mykje klokka er, eller om dei veit kva hovudstaden i Norge heiter, slår Myrli fast.

Artikkeltags