Gå til sidens hovedinnhold

Yngve Årdal sluttar som ansvarleg redaktør i Firda

Artikkelen er over 3 år gammel

MEDIA: Yngve Årdal sluttar som dagleg leiar og ansvarleg redaktør med umiddelbar verknad.

Dei tilsette i Firda Media fekk måndag morgon beskjed på eit allmøte om at dagleg leiar og ansvarleg redaktør Yngve Årdal gir seg med umiddelbar verknad.

Årdal tok over som ansvarleg redaktør etter at Jan Atle Stang slutta. 

– Greitt at andre tek over

Årdal har vore tilsett som redaktør i sju år og dei siste fire åra har han også vore dagleg leiar. I tillegg til dette har han i dag styreverv i fleire Amedia-selskap i Sogn og Fjordane.

– Eg kom til eit punkt der eg kjente at det var tida for andre å ta Firda vidare, seier Årdal.

– Det har vore prosessar i Amedia og internt på huset som gjer at eg har reflektert over jobben eg har gjort. No er det greitt at andre tek over.

Årdal vil no søke nye utfordringa og føler at tidspunktet er det rette.

Første kvinnlege redaktør 

Marie Havnen blir konstituert redaktør og Svein Atle Huus blir konstituert dagleg leiar etter jølstringen, som har jobba i Firda i 33 år.

Både Havnen og Huus har lang fartstid i Firda og går frå og med dags dato inn i dei nye rollene sine.

Havnen har jobba fleire år i redaksjonen som journalist og vaktsjef, og gler seg til å sitte i redaktørstolen:

– Eg er veldig spent og er veldig audmjuk for tilliten og utfordringa eg har fått. Eg gler meg til å jobbe vidare i Firda frå eit anna perspektiv enn det eg er vand med, seier Havnen.

Svein Atle Huus går inn i rolla som dagleg leiar, ei rolle han gler seg til å ta fatt på:

– Eg var raskt ute med å takke ja til utfordringa, men eg er også audmjuk med tanke på at det er krevjande å vere leiar i ein mediebedrift i 2018.

Morten Nilsen, styreleiar i Firda, startar prosessen med å finne ein ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar.

Kommentarer til denne saken