3 av 10 i Sogn og Fjordane meiner det er for mykje drikking framfor barna i ferien

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFUNN: – God stemning er ikkje alltid det same for born som for vaksne, seier generalsekretær i AV-OG-TIL.

DEL

30 prosent av dei spurde innbyggjarane i Sogn og Fjordane meiner det blir drukke for mykje alkohol i sommarferien med born til stades.

Det viser ei undersøking Ipsos har gjort på oppdrag frå alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL.

– Om sommaren skal vi gjerne kose oss litt ekstra, og for mange betyr det å ta eitt eller fleire ekstra glas med vin. Prisen for vår kos er det dessverre alt for ofte borna som må betale. For dei kan det vere ubehageleg om mamma eller pappa endrar oppførsel, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i AV-OG-TIL.

Ho seier at borna ofte legg merke til at dei vaksne er rusa før dei sjølv gjer det.

– Det er heilt i orden å ta seg eit glas vin til maten, men ver bevisst på at borna kan oppleve drikkinga annleis enn det du sjølv gjer.

Totalt vart 7264 intervjua av Ipsos, og 645 av dei var frå Sogn og Fjordane. Landsgjennomsnittet viser at 29 prosent av dei spurde meiner det vert drukke for mykje rundt barn i ferien.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken