Desse yrkesgruppene drikk mest på jobb

JOBB OG ALKOHOL: Jobbar du i ei privat bedrift i ein stor by drikk du sannsynlegvis meir alkohol enn viss du jobbar i ei offentleg bedrift på bygda, syner rapport.

JOBB OG ALKOHOL: Jobbar du i ei privat bedrift i ein stor by drikk du sannsynlegvis meir alkohol enn viss du jobbar i ei offentleg bedrift på bygda, syner rapport. Foto:

Ny rapport frå Folkehelseinstituttet avslører kven som drikk mest med kollegaar, og kven som drikk mest på jobb.

DEL

– Førekomsten av drikking i arbeidstida er dobbelt så høg i privat sektor samanlikna med offentleg sektor.

Det seier Inger Synnøve Moan, seniorforskar ved Avdeling for rusmiddel og tobakk i Folkehelseinstituttet (FHI).

Dette kjem fram i den andre rapporten frå prosjektet «Alkohol og arbeidsliv» utført for FHI, skriv Aftenposten.

Jobbar du i ei privat bedrift i ein stor by drikk du sannsynlegvis meir alkohol enn viss du jobbar i ei offentleg bedrift på bygda.

– Det er også ein større del tilsette i privat sektor som oppgir å drikke seg tydeleg rusa i jobbsamanheng, seier Moan.

Forskaren fann også ut at ineffektivitet på jobb som følgje av alkoholbruk var meir utbreidd i privat sektor enn i offentleg sektor.

Tilsette i privat sektor oppgir sjeldnare at dei har kontaktperson for alkoholproblem enn tilsette i offentleg sektor.

– Jobbrelatert drikking er delvis eit urbant fenomen. Det er ein høgre del arbeidstakarar som oppgir jobbrelatert drikking samt negative konsekvensar av alkoholbruk i store byar enn på mindre stadar, seier Moan.

Jobbrelatert drikking i arbeidstida: Del (%) arbeidstakarar som svarar meir enn 1 gong siste 12 månadar på spørsmål om eige alkoholbruk.

  1. Forsking: 21 prosent
  2. Media/Reklame/PR: 18 prosent
  3. Kultur/Idrett/Organisasjonar: 15 prosent
  4. Restaurant/Servering: 14 prosent
  5. Telekommunikasjon/IT: 12 prosent

Jobbrelatert drikking utanom arbeidstid: Del (%) arbeidstakarar som svarar meir enn 1 gong siste 12 månadar på spørsmål om eige alkoholbruk.

  1. Bank/Finans: 69 prosentTelekommunikasjon/IT: 68 prosent
  2. Forsking: 68 prosent
  3. Offentleg sentralforvaltning: 60 prosentKultur/Idrett/Organisasjonar: 59

Artikkeltags