No blir det laga fem nye naturplassar

HYTTE: Troda 4H frå Davik i Bremanger var ein av Draumeplass-vinnarane i 2015. Sidan den gong har dei bygd denne hytta og laga til plassen.

HYTTE: Troda 4H frå Davik i Bremanger var ein av Draumeplass-vinnarane i 2015. Sidan den gong har dei bygd denne hytta og laga til plassen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Innbyggarane på Atløy, Bryggja, Stårheim, Aurland og Sunde i Førde kan no byrje å glede seg til å få ein Draumeplass i nær-naturen.

DEL

4H Sogn og Fjordane har med støtte frå Gjensidigestiftelsen kåra dei fem vinnarane av «Draumeplassen», ein konkurranse der ein vinn 100 000 kroner og prosjekthjelp til å realisere ein naturmøteplass.

Opne for alle

– Naturmøteplassane skaper auka aktivitet i lokalsamfunna og får fleire ut i naturen. Dette er plassar som er opne for alle, og er kanskje spesielt viktige for unge og vaksne som ikkje er med på så mange andre aktivitetar, seier Hjørdis Vik frå gåvestyret i Gjensidigestiftelsen og medlem av juryen for Draumeplassen, i ei pressemelding.

Dei fem stadene er spreidd over heile fylket, og vinnarane har søkt tett samarbeid med andre lokale lag og organisasjonar som vil hjelpe til med å realisere naturmøteplassen. Dei fem som står som hovudsøkjarar og vinnarar er Hei og Hå 4H på Bryggja i Vågsøy, Freidig 4H på Stårheim i Eid, Nærøyfjorden Verdsarvpark i Aurland, Fjellklang 4H på Sunde i Førde og Atløy 4H i Askvoll. 

Lokalt engasjement

– Årets fem vinnarar er gode eksempel på grasrotmobilisering, seier Dag Vea, som er prosjektleiar i 4H Sogn og Fjordane.

Han held fram:

– Vinnarane står fram som svært energiske og klare til innsats. Dei har dyrka fram eit sterkt lokalt engasjement og knytta mange gode samarbeid. Dette meinar eg er nøkkelen til at ikkje berre prosjekta vert realisert, men at plassane òg vert godt tatt vare på og flittig brukt i mange år framover.

4H-klubbane i Sogn og Fjordane har dei siste åra skapt mange naturmøteplassar i fylket. Med dei nye Draumeplassane vil det vere 50 naturmøteplassar i 4H si eige i Sogn og Fjordane.

Les også: For eit år sidan sa Henriette Sunde opp jobben for å satse på småbruk. No har garden blitt 4H-gard

JURYEN: F.v. Dag Vea, prosjektleiar, Åge Avedal, 4H Sogn og Fjordane, Hjørdis Vik, Gjensidigestiftelsen og Kristina Støfring, 4H Sogn og Fjordane.

JURYEN: F.v. Dag Vea, prosjektleiar, Åge Avedal, 4H Sogn og Fjordane, Hjørdis Vik, Gjensidigestiftelsen og Kristina Støfring, 4H Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkeltags