Dag tok med familien og flytta til Førde

FØLER SEG VELKOMMEN: Både Dag Vea og familien likar seg godt i Førde. – Både jobben og staden er topp, seier Vea.

FØLER SEG VELKOMMEN: Både Dag Vea og familien likar seg godt i Førde. – Både jobben og staden er topp, seier Vea. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Her skal Dag Vea jobbe for 4H.

DEL

Vea har lang fartstid innan Røde Kors og anna frivillig arbeid, og skal no leie to prosjekt, Draumeplassen og Samspel i løpet av 2017 og vårparten 2018.

– Første tida her i Sogn og Fjordane har vore heilt fantastisk for meg og heile familien. Førdianarane har tatt godt imot oss, seier Vea.

Skal jobbe som prosjektleiar

Dag Vea er tilsett som prosjektleiar for å jobbe med prosjekta Sampel for 4H, Røde Kors og Idrettskrinsen, samt Draumeplassen i 4H. Dag Vea er frå Haugesund, men har flytta til Førde med sambuar og felles barn.

– No får eg jobbe med både friluftsliv og inkludering. Dette er noko er gler meg veldig til. Draumeplassen er starta opp av 4H Sogn og Fjordane for å kunne gje lokalmiljø høve til å skape naturmøteplassar, medan Samspel er eit samarbeidsprosjekt mellom Røde Kors, Idrettskrinsen og 4H i fylket, seier Vea.

Han legg til at mange lokalmiljø dei siste åra har gjort stor suksess med bygging og utvikling av naturmøteplassar i fylket.

Pengar til å lage draumeplass

Vea fortel at det snart vil vere høve til å kunne vinne prosjekthjelp og pengar til å lage ein eigen Draumeplass i naturen.

– Heile fem vinnarar vil kvar få tildelt 100.000 kroner til å realisere ein draumeplass i sitt lokalsamfunn. Han oppmodar allereie no dei som er interesserte, om å sette seg godt inn i prosjektpakka på nettsida naturmoteplass.no.

Årets konkurranse vil bli lyst ut på nettsida i månadsskiftet mars/april.

Skal inkludere

Det andre prosjektet han skal jobbe med, heiter Samspel.

– Det har eg store forventingar til. Det skal gjennomførast lokale kveldskurs i inkluderingsarbeid for frivillige leiarar i heile fylket. Vi skal òg lage informasjonsmateriell på ulike språk og eit større magasin for heile frivilligheita i Sogn og Fjordane, fortel Dag Vea og legg til:

– Erfaringar innan dei ulike organisasjonane i Sogn og Fjordane tilseier at ein må forsøke å inkludere dei nye innbyggarane våre i allereie eksisterande aktivitetar og organisasjonsliv.

Artikkeltags