Gå til sidens hovedinnhold

Nye reglar for elsparkesyklar

Nye reglar for elsparkesyklar vart lanserte fredag. Dei inneber mellom anna at du kan få gebyr viss du parkerer elsparkesykkelen på feil stad.

Det blir derimot ikkje innført noka aldersgrense og heller ikkje forbod mot å køyre i rusa tilstand, melder NRK.

Samferdselsdepartementet gir kommunane moglegheit til å regulere mykje sjølv, som kor mange elsparkesyklar og kor mange aktørar det skal vere.

Dette er dei nye reglane:

* Ein kan få parkeringsgebyr viss ein ikkje parkerer skikkeleg.

* Det er berre lov å vere éin person på elsparkesykkelen om gongen.

* Det skal setjast opp skilt om kvar det er lov å køyre og ikkje.

* Ein kan ikkje køyre raskare enn 6 km/t på fortau når ein køyrer forbi fotgjengarar.

Gebyr

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) seier dei har vore særleg oppteke av forbodet mot fleire enn éin person på sparkesykkelen.

– Vi er veldig tydelege på at det berre er lov til å vere éin person på ein elsparkesykkel, og ikkje to, eller i verste fall tre, som vi har sett i trafikken, seier Hareide til TV 2.

Forskrifta kjem innan nokre få veker. Viss ein bryt reglane, kan ein få eit såkalla gebyr.

Dagleg leiar i elsparkesykkelselskapet Voi i Noreg og Finland, Christina Moe Gjerde, er positiv til dei nye reglane.

– No er det viktig at politistyresmaktene handhevar dei nye reglane, seier Gjerde til NTB.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken